Julekonsert på Jølst

Kunstmuseet og Synnøve Bjørset har utvikla ein julekonserttradisjon dei siste åra. Onsdagskvelden var det premiere på Eikaasgalleriet på Ålhus, og ferda går vidare til Hornindal og Askvoll. Hardingfelespelar Synnøve har med seg Thea Hjelmeland (song), Solbjørg Tveiten (folkesong) og Sigbjørn Apeland (trøorgel).

Stemninga er ”ultra-advent”, viss noko kan kallast det….. Månen får Jølstravatnet til å glitre mellom snødekte fjell. Det høyrest skoknirk frå sytti jølstringar i kulden. Kaffi og bakst i kafeen før konserten. Praten går. Vi må ”ete fyst”. Så inn i salen der Ludviken sine ”Jeg” og sjølvportrett på kvite vegger gir ramme for ”Synnøves Julekonsert”.

Sjangeren er julesongar i gamal drakt. Lokale gamle tonar. ”Eit barn er født i Betlehem” får tre tonar; ein heilt lokal frå Ålhus og to frå Gloppen. Intim konsert utan elektronikk og dippeduttar. Rett på. Flott. Hardingfela og trøorgelet gir samstemt stemning. Sjarmerande orgelknirk gav stemning frå min barndoms forsamlingshus; ”Kling no klokka”. Solbjørg folkesongar er van i sjangeren, medan den unge Thea er på nytt beite på Betlehems-marka.

Førde-jenta Thea er årets gjest på konserten. Ho syng klårt og direkte, med ei røyst som er trena for meir. Eg hadde venta at ho skulle dra meir på med improvisasjonar, men det var som høgtida ved trøorgelet greip ho. Flott og nakent, javel, men eg synest ikkje det tek av før ho grip gitaren. Med gitaren i nevane torer ho også å bruke røysta si meir og konserten sitt høgdepunkt går direkte til hjarte på publikum; ”Mitt hjerte alltid vanker”. Meisterleg.

Vi trampeklappar oss til ekstranummer og får synge med i allsongen på ”Deilig er Jorden”. Ritualet i ein kvar julekonsert er oppnådd. At ungdomen dyrkar gamle og lokale juletradisjonar varmar i kulden. Men når jølstrajenta Synnøve spelar opp på hardingfele, og byd med Thea som til vanleg ikkje er skuggeredd for å eksperimentere med røysta si, så hadde eg venta eit hakk eller to til.

Kanskje er eg litt for kritisk no, men tolkinga av ”Mitt hjerte alltid vanker” ber bod om at her var meir å hente. Skal eg driste meg til å kome med eit råd, så måtte det vere at alle tradisjonar skal utviklast for å overleve, og at julesongane ikkje er noko unnatak. Hardingfele til trøorgel funkar framifrå. Men dei dyktige utøvarane kunne fått enno meir ut av denne gode konserten, om dei hadde teke seg litt meir tid til å utvikle det samla uttrykket, og tort å ”trøkka til” litt meir.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *