”Kolj-segling” på Måløy hamn …

Kva trur vi at vi veit om budsjett-forliset etter seglskute-festen i Måløy? Eitt kommunalt driftsbudsjett på vel 10 millionar skulle gå i balanse. Sa dei i fjor. I juni 08 hadde budsjettet heva seg i omnen til nærare 20 mill, men framleis snakka dei om eit budsjett i balanse. Resultatet vart over 30 mill i omsetnad og eit forlis med vel 13 mill i tap. Tap for kommunen. Sjølv om festen vart framifrå!!! La oss ikkje gløyme det.

Veka har vore full av hovudristing. Ordførar og rådmann held seg fast i rattet i styrehuset, medan den elles så snakkesalige ”båtsmann” Helge Hjelle har fått sjøverk, og litt prikkande still på køya si under dekk.

Eit kulturarrangement skal og må drivast fram på entusiasme, optimisme og humør. Ingen dreg prosjektleiar Hjelle sine evner i tvil her. Men ein kvar organisasjon treng økonomistyring, kontroll og ”kjedelege” revisorar. Slike må tole å verte utskjelte som pessimistiske ”fest-bremser”. Kanskje er det her ordførar og rådmann har feila. Spørsmålet er; Har ”kaptein og styrmann” vorte blinda av ”båtsmannen” sin entusiasme?

Når utgiftene auka med meir enn 50% utover dei 20 mill det vart operert med i juni 08, så kan ikkje det forklarast med at publikum svikta. Publikumsvikt kan umogeleg føre til auka driftsutgifter. Inntektene har vore om lag som budsjettert. Det er overforbruk av utgifter som er på same storleik som overskotet. Festen var heilt ute av økonomisk kontroll og det vart advent før tal kom på bordet.

Å skulde på publikumssvikt vert meiningslaust. Arrangementet gjekk stort sett i godt ver. I ”synja-vind, kuling og regn” ville det vorte langt verre. Å lage arrangement er også å ta risiko. Ein må vurdere risiko også utfrå den verst tenkelege publikumssvikt. Arrangørar skal ta risiko, men dei må vite kven som gjer opp rekninga om det skulle gå gale.

Alle vil levere varer og tenester til eit arrangement med kommunal garanti. Nokre har hatt pluss-omsetnad tilsvarande desse 30 millionane. Nokre har truleg fått svært hyggeleg overskot etter den friske seglasen. Media har denne veka vore lite opptekne av kven desse er!

Mange har stått på i dugnadsarbeidet, Helge Hjelle har gått under dekk og ordførar og rådmann let han vere der. Ville dette vorte handtert på same måte om ein vanleg kommunal etat hadde spela bort 13 millionar på ei sommarveke?

Kva skjer med dei tre hovudansvarlege?
– rådmannen er rådmann så lenge kommunestyret vil
– ordføraren er politisk død frå neste val – om ikkje før ……
– Helge Hjelle får vonaleg fortent arrangementspause

Å leve ”på stor fot” kan fordømast. Å sende rekninga til si eiga fattige kommune er 13 millionar gongar verre.

Var det verdt prisen? Tja … Det kjem an på kven som må betale sluttrekninga. Næringslivet i Måløy ligg på «TOPP 10»-lista. Mange privatpersonar vil nok trakke til. Derfor er «kronerulling» den beste ideen hittil. Dette vil syne i kva omfang Måløyværingar og andre vil hjelpe til med å få skuta på rett kjøl. På denne måten kan vi alle få høve til ”å setje pris på” seglskutefesten ut frå evne og oppleving. Vi må aldri gløyme opp i alt ståket at dette var ein framifrå seglas!

Fylkeskommunen kan umogeleg bruke meir pengar for å dekke underskotet. Kva signal vil det i så fall gi til ivrige og dyktige kulturarrangørar i fylket?

Siste veka har det vorte spekulert i korleis dette kunne skje, og om lurvete diskusjonsklima og kystkultur er ein del av bakteppet. Kystkultur med fangst, fiske og frisk seglas har ein kultur med sterke menn til rors. Der var ein skipper ein skipper og ein kaptein ein kaptein. Sterke kvinner styrte bygdesamfunna og kulturlivet. Folk var og er vande med risiko, varp og brå daude. Men også vande med å ta ansvar. Ansvar også i storm og ved forlis. Det gjer rådmann og ordførar no – på sin måte. Men viss sjefane har lete seg overkøyre av ein underordna, så er det eit unnatak i den maskuline kysttradisjonen. Men dette kan sikkert den no tause Helge Hjelle sikkert fortelje meir om. Han har truleg meir å melde om – enn berre Status Quo!

Humor i galskapen. Alltid viktig ved forlis. Hittil har Fjordenes Tidende teke humorprisen i saka; Der vert det denne veka annonsert for deira eiga minnebok med DVD om seglskutefesten med slagordet; ”Årets julegåve”. Glimrane timing. Til å le godt av. Godt at nokre kan tene på den friske ”sommarseglasen”!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *