Kunst i to divisjonar

Laurdag 22. november opna to kunstutstillingar i Førde. Først ut var Kunstmuseet på Prestebøen med temautstillinga ”Corpus”. Kunstmuseet stiller ut med tema ”kroppen” frå eige magasin.

Alt frå skulpturar av Anders Svor og til dama med appelsinhud frå Oddvar Torsheim. Her er mellom anna verk frå Kjartan Slettemark og Knut Rumohr på den rikhaldige utstillinga. Ei allsidig utstilling med skulpturar, maleri og foto. Heilheita i utstillinga er god – frå det reint figurative til det meir stiliserte og abstrakte. Kropp som kropp. Erotiske motiv. Politiske bilete om kroppar i krig. Kropp og kriminalitet. Vakre kunstverk. Kropp i gjenstandar. Kropp som uttrykk for ulike menneskelege stemningar og ulike årstider. Kropp forankra i humor og i historisk mytologi frå dei eldste tider og fram til dei mest moderne uttrykka.

På opninga vart vi guida igjennom av museumsdirektøren. Interessant å få meir bakgrunn og informasjon om verka. Viktig med omvisning – i alle fall for meg – sidan denne utstillinga manglar ein skriftleg katalog. Godt å sjå ei så velkomponert utstilling. Ei utstilling som skal nå vaksne, men særleg born og unge i vår kroppsfikserte tid. Samstundes som den syner oss kropp som basis for kunst. Basiskunnskap for kunstinteresserte.

Så var det å skli over til Førdehuset og ein annan divisjon på juleutstillinga i Sunnfjord Kunstlag. Over 20 medlemmer – flest amatørar – stilte ut nesten 60 verk. Dette er mest bilete, men litt trerelieff, biletvev og keramikk.

Kvaliteten er nok litt ujamn, men det skal den vere på ei slik utstilling. Her er føremålet at folk skal få stille ut sine verk. Ein arena å prøve seg på. Temavala er snille og mest figurative, der motiva ”liknar på” den verkelege verda. Mykje natur, og dei beste fangar gode stemningar. Det ville vere å vone at ei slik utstilling kunne ha eit friskare preg, og at fleire ungdomar ville prøve seg. Dei aller fleste utstillarane har passert førti.

Førdefolket presenterte ei undersøking denne veka der ”kulturstaden Førde” vart rosa opp i skyene. Dette avspegla seg ikkje i frammøte på desse to utstillingane. På kunstmuseet var det åtte på opninga, og den interessante guidinga hadde fortent meir. Juleutstillinga i kunstlaget lokka om lag 30 personar til bilete, gløgg og peparkaker. Viss Førde-publikumet er så opptekne av kultur og Nytt Kunstmuseum som det vert ropa om, så burde det vore litt meir trengsel i utstillingslokala denne laurdagen.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *