Lunken ”Kulde”

”Kulde” av den svenske dramatikaren Lars Noren. Noren er kjend for skarpt poltisk og provoserande teater. Mykje debatt om nazi-stykket hans for 10 år sidan, og om dette stykket framprovoserte drap på politimenn.

”Kulde» er samtidsdramatikk. Eg var på premiere på denne samproduksjonen mellom Sogn og Fjordane Teater, Hordaland Teater og Den Nationale Scene. Tema vold og mobbing. Eit stykke med same tema som når SOF Teater sette opp stykket om Arve Beheim Karlsen i 2005 ; ”Saman skal vi leve”.

Eg hadde høge forventningar til stykket av Lars Noren. Men vart litt skuffa. Det vart for mykje sjablongar. Ein gutegjeng på tre møter sitt offer. Leiaren i gjengen har nazi-sympatiar. Nestkommanderande i gjengen gjer alt for å dyrke sjefen. Den tredje i gjengen har ein bakgrunn og oppvekst som gjer han utsett. Han er tvilar, men må utføre ordre for å få vere ein del av gjengen. Han lærer motvillig av sjefane, og vert mot slutten på stykket råare enn vi kanskje skulle tru.

Stykket handlar om nasisme og rasisme. Men kanskje vel så mykje om hakkelover og mobbing. Om herskande sjefar som får andre til å gjere jobben for seg. Om frykt.

Regisør Trond Bringeland og skodespelarane er flinke til å variere mellom daglegdagse og litt humoristiske stemningar med grilling og øl, og truande stemningar der valden bygger seg opp. Ei skifting mellom det å vere kompisar og ei stemning med hakking og hat. Handlinga vert spelt ut på ein enkel leikeplass, og vi sit tett på den dramatiske handlinga. Dette fungerer godt til fortelje-måte og regi.

Eg skjønar at dette er eit stykke som vil vekke debatt i samfunnet og i skuleklassar. Men eg får ein liten smak av ”forutsigbart” teater. For meg vert dette litt sånn ”politisk korrekt 70-tals” teater. Med litt for enkle sjablongar. Eg saknar utvikling i figurane på scenen.

Som debattskapar i ei klasse på vidaregåande trur eg dette kan fungere svært bra, men som teater vert det i mine auge ”meir på det jamne”. Og knapt nok det.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *