"Tre syke søstre" på Meieriet

Meieriet i Sogndal feira 10 år som studentsamfunn, og teatergruppa markerte feiringa med å setje opp ”Tre syke søstre” av Kjetil Indregard. Dette er eit stykke med svart humor. Ein ferskt vaktmeister tildeler same sjukehus-leiligheit til tre ferske ”søstre”. I starten liknar stykket litt på ”Mens vi venter på Godot”. Korleis kan vi få tida til å gå medan vi ventar på den ansvarlege? Etterkvart bygg det seg umerkande opp ei spenning som i Roald Dahl sine grøssarar.

Vi undrast på om nokon er ”på lag” og kven det eventuelt er, og korleis det skal ende. Stykket skiftar elegant mellom kvardags-scenene og små glimt av uhyggestemning som hintar i retning av den høgdramatiske slutten.

Stykket er krevjande for fire amatørar. Her skal det spelast ut gode typar, og desse typane skal bygge opp spenninga også i dei mest daglegdagse scenene. Amatørar har ofte lett for å overspele, men teatergruppa på Meieriet greier å spare på konfekten. Torben Sundsøy Stedje har eit godt grep om regien.

Dei spelar ut hygge og uhygge i ein enkel scenografi, med møblar i plastinnpakking frå den som nett har flytta ut …….. Eller kanskje har den nyutflytta ikkje flytta ut … eller ….. ?

Scenerom, kostymar og rekvisittar er skorne ned til det minimale. Dette er skodespelarane si framsyning, utan teaterteknisk fiksfakseri.

Dei skiftar mellom kos og uhygge på ein truverdig måte. Dei leikar selkapsleikar for å få tida til å gå, men leiken fortel også om personane i stykket og om deira fortid. Og det gjev glimt om kva som skal skje……

Honnør til sogndalstudentane som vel eit så krevjande stykke for skodespelarane. Og dei løyser oppgåva med glans. Eg var på generalprøven med publikum i salen. Her var tempo og ”timing” på plass. Figurane vart truverdige i alt det absurde, og dei balanserte på rette sida av grensa mellom ”nok nerve” og ”utan overspel”. I den jamne skodespelartroppen vil eg trekke fram spelet til Ingri Martine Fonn. Hennar skiftingar mellom å vere ”passe venleg” og ”passe ekkel” er amatørskodespel på sitt beste.

At teatergruppa vel krevjande stykke for skodespelarane borgar for kvalitet også for det som skal kome. Til våren vert det studentrevy, og då vil denne kjernen av skodespelarar vere gull verdt.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *