Fire bøker å kike på?

Stor, brei og god lokal bokhaust. I julehandelen vil eg kike ein gong til på desse fire. Operasjon Siskin på Samlaget. Krim frå Timberlid. Om handelsfolk i Førde og milorg under krigen. Spenning på kvar side. Drivande.

Rein luksus på Skald av Arve Sandal. Om natur og litt mat. God forteljing. Dei beste bileta er i ein klasse for seg.

Selja har ei bok av Kjell Askeland. Folk før. Nordfjordingar for 100 år sidan. Godt fortalt.

Kjevleboka av Hans Sande utgitt på Penna Forlag. Fabel for vaksne. Ei sjeldan bok. Underfundig humor.

Og 20 bøker til. Sjeldan har utvalet av gode lokale bøker vore betre.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *