Bok om bygdahuset i Balestrand

Johs B Thue har skrive bok om 50-åringen Balestrand bygdahus på Selja Forlag. Ja, meir enn det. Han strekker ungdomslagssoga heilt tilbake til 1870-åra, og langt på veg skriv han ei brei bok om bygda Balestrand. Han skriv om norskdomsrørsla og ungdomslaga fram mot unionsoppløysinga med Sverige, og knyter dette opp mot det første ungdomshuset i Balestrand reist i 1902. Det handla om å få impulsar utanfrå og å omsetje dei i lokalt arbeid.

Han skriv levande om samhald og strid. Om alkoholpolitikk i det liberale Balestrand, og om strid mellom bedehus og ungdomshus. Han skriv om ungdomslaget som maktfaktor i bygda. Han skriv om kino og korsong.

På 50-talet var ungdomshuset utgått på dato, og skulemiljøet i Balestrand stod ved eit vegskilje. Kunne Balestrand sikre seg gymnas på kostnad av Sogndal, så måtte ein samle seg om bygdahus. Vi ser korleis organisasjonane og bankane spadde opp dugnad og pengar. Tømmer gjeve av grunneigarane vart hogge og henta på dugnad. Johs B skriv også om utfordringane i å utvikle seg frå det gamle lagshuset – ungdomshuset – , til den nye tid som offentleg samfunnshus der ingen organisasjon hadde forrang. På 1980-talet fekk ungdomslaget kjøpe heile bygdahuset, men dette førte ikkje til noko lukke. Dei siste 15 åra har huset på nytt vorte eit sameige for heile Balestrand, under stødig leiing av Atle Instebø. Atle Instebø er ein forsiktig mann å sjå til. Men han står støtt i bygda, og veit mykje om tolmod. Om å bygge stein på stein. Om å få folk til å dra i lag.

Boka inneheld rik skildring av bygdakveldar, frå gubbekveldar til ungdomens kulturmønstring, om revy og musikkliv. Og om skifte i musikk og dansetradisjonar på 50-talet. Boka gir oss klare og gode tidsbilete. Noko er spesielt for Balestrand, men mykje kunne like godt vore klipt frå andre bygder på 1900-talet.

Johs B Thue frå Balestrand har stor innsikt i fylkes- og Noregs-soga, og han har djup lokalkunnskap. Men dette gjer at han av og til tippar over. Han er så kunnskapsrik at han vert litt for ivrig til å forklare dei lokale hendingane ut frå dei nasjonale vindane. Og når han vel å blåse opp at 100-årsfesten til fylkesbåtane ikkje var i Balestrand, så er kanskje tråden til bygdahuset i tynnaste laget. Den djupe lokalkunnskapen hans gjer også at han unntaksvis vert litt for navleskodande – på eigen navle. Men bevares. Ei interessant og velskriven bok om og for Balestrendingar. Men også for oss andre.

Mange vil undrast om ikkje ei bok om Balestrand bygdehus vert ”snever”? Eg svarar nei, og vil understreke det med eit sitat frå boka. Eit sitat om bygdelivet og bygdahuset: Her har ”balestrendingar høyrt på lærerike foredrag, sunge i kor, spela teater og dansa folkeviseleik og sett på flimrande bygdekino, fått sine første premiar på idrettslags- og skyttarfesten. Etterpå dansa dei seg sveitte og yre, forelska seg, drakk seg fulle, avvikla eit lite slagsmål.”

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *