Oliver Twist– spektakulært teater

Den største teatersatsinga på Sogn og Fjordane teater nokosinne. Med utgangspunkt i ein av Charles Dickens sine store klassikarar. Soga om fattigguten som vart hundsa og kom i dårleg selskap. Men som på grunn av stor indre styrke og ein porsjon flaks kjem til snille folk og eit verdig liv. Gammalmodig – ja vel; men likevel evig tidsaktuell og rørande. Eg møtte med oppskrudde forventningar!

Premieren på fredag innfridde. Historia vart fortalt på ein ny måte. Her var driv og ”timing”. Her var stemning og musikk. Regi (Trond Birkedal) og scenografi/kostyme (Leiko Fuseya) var godt samkøyrt. Scenografien – enkel som ein murvegg å sjå til ved første augnekast, men her var skuffer og skap, gluggar og gater som vart brukt i spelet med stor variasjon og presisjon. Eg sender ein venleg tanke til dei scenearbeidarane bak scena som skal sveitte seg gjennom ein lang turne utan å synast for publikum.

Eit anna avgjerande grep for regien var bruken av dokker. Dokkemakar Kari Noreger hadde gjort eit glimrande arbeid med dokkene i varierande uttrykk og storleik. Og bruken av dokkene gav variasjon og spenning.

Dette var familieteater for alle oss over 7 år. Det er krevjande og nå alle. Og i ei tid då teatret skal konkurrere med film og tv, så er det lett å forstå at det vart satsa storslagent på teknikk. Det er likevel ein fare for at spektakulære sceneskift tek fokus frå sjølve den gripande historia. For å spisse det litt: ”Scenografien og stafasjen stal showet”!

For teater handlar oftast om tilhøvet mellom menneske. Ikkje minst i Charles Dickens sine stykke. Derfor har eg til no skrive om det som reiv meg mest med, og eg har ikkje sagt eit pip om skodespelarane.

Det var 10 jamne og gode skodespelarar på scenen, og mange av dei i fleire roller – og fleire med musikkinstrument. I eit slikt køyr og med eit slikt tempo vert nokre av rollene litt ”flate og sjablong-messige”. Her synest er eg Karl Sundby og Gro Ann Uthaug tolka rollene sine med best variasjon og djupne.

Oppsummert: Ei forrykande framsyning. Der det likevel kan hevdast at det spektakulære sette sjølve historia om fattigguten Oliver bitte litt i skuggen. Men bevares: Ei storsatsing frå Sogn og Fjordane teater. Men tempo og timing. Her har det vore drilla. Denne gjengen var definitivt klare for premiere – og turne!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *