Multi-modning på Transplant

Fredag var det kunstopning på Transplant i Dale. Multikunst over tema ”modning”. Eg er alltid nysgjerrig på denne idefabrikken med den moderne galleri-restauranten ved Dalsfjorden.

Opning – ja vel. Men uhøgtideleg og slentrande i stilen. Til kunstnarane: Ikkje ein blomsterkvast å sjå. Omvisning i små og litt tilfeldige grupper medan musikken fylte romet. Mange fokus samstundes.

Fotografen Sissel Myklebust var den som hadde teke tema modning mest på kornet. Foto av folk. Modne folk. Lokale folk. I serie inne på doen. Og på veggen utanfor. Flott svart-kvitt. Objekta bar alderen sin på ein verdig måte. Ho hadde fanga dei. Stolte. Eg hugsar best bilete av han som heldt eit lite passfoto av seg sjølv inn mot den mørke genseren. Ein ru neve med bilete av seg sjølv som ung marinegast. Levd liv i moge ansikt. Varm kontrast.

Så var det video av Rita Marhaug. Menstruasjon hjå tenåringsdottera og mora. Blødande på lyse bukser. Damene i forsamlinga sukka attkjennande til frykta for synlege blodflekkar. Nervøs fliring i forsamlinga. Menstruasjon og modning – ja vel. Men eg fekk ikkje heilt grepet på meininga bak. Eg er samd med dama bak meg som ved videoslutt kviskra : Ja ja!

Det tredje kunstuttrykket var design-installasjon med eit par frå Nederland og England – Studio Glithero. Dei hadde samarbeidd med Værlandet Fiskereiskap. Først hadde dei besøkt Værlandet. Så hadde arbeidarar derifrå vore på Transplant. Dette kunstverket bar preg av kjapp jobbing. Skal vi seie bråmodning? Det var fiskegarn. Det var form og farge mot blenkande fjord. Dalsfjorden med småbruk og naust langs andre landet. Kunstverket utvikla seg visuelt i skyminga. Flott montert ved dei store glasa mot fjorden.

Det fjerde og siste uttrykket var poetisk, rytmisk og musikalsk. Lydpoeten Ivar Orvedal og songarinna Kari Malmanger. Spesiell stemmebruk og rytmesetjing bringa oss i ei stemning ein stad mellom urfolk-kultur med drag av stev, joik, jazz og norsk folkemusikk. Den kviskrande Orvedal las tekstane sine og eg oppfatta at; ”det er slik det er – det usynlege”. Eit lyttande publikum fekk ei musikkoppleving dei fleste av oss ikkje får til dagen. For meg som ikkje ar vand til denne forma vert det litt for monotont. Men veldig bra at ein må opne seg for nye uttrykk. ”Forbi vandrar undring” kviskra Orvedal.

Alt i alt ei sjeldan kulturoppleving. Fint å kunne ta del i slike opningar i fylket vårt. Skjønt opning. Vi vart møtt av eit dørskilt som lyste ”stengt” til klokka slo sju slik invitasjonen lydde. Då døra gjekk opp, så vart eg litt overraska over at festen alt var i gang innanfor. Dei ”særleg innbodne” hadde visst fått omvisning på førehand. Dette gav meg ei kjensle av å kome for seint – sjølv om eg var presis. Eg kjende på at allmugen vart litt annanrangs. Det er ikkje fleire som finn vegen til kunstopningar i vårt fylke, enn at alle ville fått plass på ”første bordsetjing”. Slik var det heller ikkje denne fredagskvelden. Skal eg driste meg til å kome med eit råd til Transplant – så er vil eg seie: Låge dør-tersklar skaper ein best med å la «opninga» vere ”opning for alle” …………

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Multi-modning på Transplant

  1. Roy A. sier:

    Eg var ikkje sjølv til stades på denne opninga, men tykkjer Hr. Reite skildrar denne på ein svært god måte. Passeleg sakeleg, passeleg kritisk og passeleg syrleg.Sidan eg har teke del på liknande arrangement i dette fascinerande bygget tidlegare, kan eg nett tenkje meg at det var slik…Så altså; skryt til Reite for hans formidling av interessante obserbvasjonar!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *