Men viktigast er kjærleiken!

I sommar har fylket bada i ute-arrangement innan spel og sport, rokk og revy, seglskuter og sildebord, – og fiskekonkurransar og fjell-løp. Mange arrangement i ulike sjangrar. Nokre konkurrerer om publikum, sponsorpengar og offentlege kulturpengar. Andre ikkje. Medan det kan vere konkurranse mellom Sommarfest i Førde og Glopperokk helg etter helg i juni, så trur eg at Kinnaspelet i juni og Fritjovspel på Vangsnes i august konkurrerer langt mindre. Malakovrokk på Nordfjordeid og Målrokk i Årdal har ulike nedslagsfelt, og det er neppe nokon av desse publikuma som tek turen på Losnaspelet. Så langt det store biletet.

Vi har nok i meste laget med utearrangement. I år toppa seglskutearrangementa den skåla som kanskje var full frå før. Eg skal ikkje ta livet av nokon, men eg har fundert over kva som gir størst sjanse for å trekke folk.

Publikum deler eg i tre: Kjernepublikumet (også kalla heimepublikum) er trufaste mot arrangementsplassen og/eller sjangeren. Kjernepublikumet er eit uvurderleg kort i kampen om kundane. Desse trekker med seg den andre gruppa: Lett ustabile vanedyr. Desse går etter lukta av kjernepublikum. Den tredje publikumsgruppa er dei trulause medgangssupporterane. Desse godvers-menneska kjem med eit smil når borda er dekka. ”Kåntri på Breim” er eit strålande døme på at arrangøren greier å dra alle tre grupper publikum. Frå dei mest religiøse kåntri-fantastane frå Breim til dei mest trulause medgangssupporterane frå Førde. Glimrande gjort og best i klassen for ”brei” festival!

Ein god lokal arrangør som treff sitt trufaste kjernepublikum har størst sjanse for at deira arrangement skal kunne rulle og gå år etter år. Der det kjem folk – der kjem det sponsorar som svelgjer svingingar. Og ein får eit ry som arrangement.

Nokre døme: Florø er gode på gamle fotballheltar, men dagens friidrettsstjerner får springe i det stille. Skjerjehamn – eller Braanaasen med kongestatuen om du vil – prøvde seg med utkantfestival utan at det tok av, medan Kalvåg forsvarte ryet sitt som festplass med gamle slagerar frå DDE og Vassendgutane.

Og så må vi aldri gløyme Vårherre, og no tenkjer eg ikkje på den heilage møya på Selja og i Kinnaspelet. Utearrangementa er sårbare for pøsregn og kuling. Tenk om Glopperokk og Sommarfest i Førde hadde bytta værmeldingar i år. Kanskje det hadde våre annan lyd i fleire piper då.

Men viktigast er kjærleiken. Kjærleiken til stad og sjanger. Denne kjærleiken som gjer at den gode arrangør og det trufaste kjernepublikumet finn kvarandre år etter år. Kjærleiken som uttrykker seg i den brennande trongen om at det må då skje noko positivt – her på min plass. Og skal eg trekke fram eit arrangement her, så vel eg Losnaspelet. Å dra 700 til Losna ei helg er eit eineståande døme på kjærleik til plassen.

Folkemusikkfestivalen i Førde lever sitt trauste knutepunkt-liv. Stor, sikker og proff i det gode selskap. Opna av kulturministrar og pynteleg. Det lokale politiet søv denne helga, medan ”Kåntri” på Breim tek med seg dei folkelege tradisjonane frå bygdefestane i Breimshallen. Prektige aviser, politi og arrangørar huffar seg, medan folk stimlar til for å sjå!

Sommarplassen i fylket må vere Florø – med Kinnaspel, Sildebord og Sommarfotball! Her kjem du garantert til himmels – her kan du mimre fotball og ete deg mett på sild. Men er dette Florø-programmet ungdommeleg nok? Sjå opp for neste generasjon på Nordfjordeid. Malakov har store ting på gang! Vil Malakov på Eid danke ut ”Kåntri” på Breim som ”årets fest” i Nordfjord, spør nokre. Eg trur dei er så ulike at det er plass for begge.

Eg trur at det mest spennande spørsmålet neste år er om Glopperokk overlever i skuggen av Sommarfest i Førde og ”Kåntri” på Breim. Her som elles: Den lokale arrangøren og kjernepublikumet vil avgjere! Viktigast er kjærleiken!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Men viktigast er kjærleiken!

  1. Knut Grinde sier:

    Alltid kjekt å høyra på deg, også som kulturmeldar.

    I oversikten over utearrangement innan spel og sport meiner eg du har utelate sommarens største idrettsarrangement. Landsskyttarstemna i Førde hadde over 5000 deltakarar. Som familietiltak av ypparste slag, stiller også heile familien. Dermed kan vi trygt rekna ca 15000 tilreisande til Førde desse flotte dagane.

    Media får aukande interesse for skyting. Nrk Sogn og Fjordane hadde direktesending frå arenaen to dagar, og tv spreidde folkefesten til heile landet gjennom sendingar 4 dagar/kveldar.
    – 47000 såg 5. klassingane (dei beste) skyta innleiande på ondsag
    – 275000 såg samlagskytinga på torsdag
    – 385000 såg duellane i cowboyskytingane på fredag
    – 160000 såg Kongelaget på laurdag

    Sendingane frå landsskyttarstemna i Førde og Tall ships races i Måløy var ypparleg reklame frå fylket. Begge kjempearrangement, som arrangørane gjennomførde på ein framifrå måte!

  2. Ragnhild-Lise Korsvoll sier:

    Flott kommentert og oppramsing av årets ute arrangement. God konklusjon om kjærleiken. Men her er mykje meir. Dalsfjordveka med opplevinga i landskapet som motto, har du ikkje fått med. Her var høgdepunktet for meg som så ofte før, sangstund i båtar i Flekkefjorden rett utfor Kobbeskjæret. Ja og til neste år får vi endå meir for då kjem Gaularspelet igjen med Kjærleikssaum.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *