Kommentarer til: Men viktigast er kjærleiken! http://blogg.nrk.no/reite/2008/08/29/men-viktigast-er-kj%c3%a6rleiken/ En blogg fra NRK Tue, 14 May 2013 12:04:51 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: Ragnhild-Lise Korsvoll http://blogg.nrk.no/reite/2008/08/29/men-viktigast-er-kj%c3%a6rleiken/#comment-47 Wed, 03 Sep 2008 19:03:50 +0000 http://blogg.nrk.no/reite/2008/08/29/men-viktigast-er-kj%c3%a6rleiken/#comment-47 Flott kommentert og oppramsing av årets ute arrangement. God konklusjon om kjærleiken. Men her er mykje meir. Dalsfjordveka med opplevinga i landskapet som motto, har du ikkje fått med. Her var høgdepunktet for meg som så ofte før, sangstund i båtar i Flekkefjorden rett utfor Kobbeskjæret. Ja og til neste år får vi endå meir for då kjem Gaularspelet igjen med Kjærleikssaum.

]]>
Av: Knut Grinde http://blogg.nrk.no/reite/2008/08/29/men-viktigast-er-kj%c3%a6rleiken/#comment-46 Fri, 29 Aug 2008 11:00:10 +0000 http://blogg.nrk.no/reite/2008/08/29/men-viktigast-er-kj%c3%a6rleiken/#comment-46 Alltid kjekt å høyra på deg, også som kulturmeldar.

I oversikten over utearrangement innan spel og sport meiner eg du har utelate sommarens største idrettsarrangement. Landsskyttarstemna i Førde hadde over 5000 deltakarar. Som familietiltak av ypparste slag, stiller også heile familien. Dermed kan vi trygt rekna ca 15000 tilreisande til Førde desse flotte dagane.

Media får aukande interesse for skyting. Nrk Sogn og Fjordane hadde direktesending frå arenaen to dagar, og tv spreidde folkefesten til heile landet gjennom sendingar 4 dagar/kveldar.
– 47000 såg 5. klassingane (dei beste) skyta innleiande på ondsag
– 275000 såg samlagskytinga på torsdag
– 385000 såg duellane i cowboyskytingane på fredag
– 160000 såg Kongelaget på laurdag

Sendingane frå landsskyttarstemna i Førde og Tall ships races i Måløy var ypparleg reklame frå fylket. Begge kjempearrangement, som arrangørane gjennomførde på ein framifrå måte!

]]>