Kjælne kjevle i gode hender!

Ei sjeldan bok: ”Kjælne kjevler og tomme hender”. På det nye og vesle Penna Forlag i Førde. Ein fabel for vaksne. Ord og tre: Hans Sande. Foto og form: Ole Fretheim.

Sjeldan har eg lese noko so gjennomarbeidd, hylande morosamt og underfundig. Å ta tak i den sjølvsagde bakereiskapen: Kjevlet. Her vert emnet kjevla ut i bakst og tre. I ord og foto. Fabel og fantasi. Språka er gode: Nynorsken og biletspråket og bileta.

Boka handlar om brødet, føda og jorda. Om soga. Om Leiv den hepne som var glad i flatbrød. Her er djup forsking og kunnskap. Her er fagstrid og ymse teoriar vert grundig drøfta. Lokal historie og kjevla si ferd over framande hav.

Formeiring av kjevle. Gravide kjevle. Øksling ved knoppskyting og kjevledeling. Rikt illustrert ved talande fotografi. På same måten som ulike former på kjevla: Krosskjevle, flatkjevle og firhendige kjevle.

Her er kjevle i kamp og krig. Revolusjonskjevle frå Paris i 1789 og kjevle for kvinnegrupper i vår tid.

Her er deprimerte kjevle som er lagde i skuffa og gløymde. Dei treng attføring. Nokre får terapi på ublide institusjonar. Livet er ein strid – også for kjevle.

Boka er ein fabel for vaksne. Handlar den om kjevle? Handlar den om menneske? Er boka eit eventyr vi ikkje heilt får tak på, men som talar til oss likevel? Handlar den om treet og kornet – begge livgjevande og vakse opp av jord? Eller handlar denne underfundige boka kanskje om det stoffet draumar er laga av?

I smal bok, vil kanskje nokre seie. Ja vel: Fabelbøker for vaksne er like smale som diktbøker, men det er viktig at nokon gir dei ut. Eg vil legge vekt på at dette ei ”rund og romsleg” bok full av overraskingar. Intelligent og meisterleg laga. I sin fabel-sjanger finn eg ikkje ein prikk å setje fingeren på. Heldigvis gir eg aldri lettvinte og tilfeldige terningkast. Takk Hans Sande. Takk Ole Fretheim. Takk Penna Forlag.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *