Fritjov den mjuke?

Fritjovspelet på Vangsnes. Fiend og elskar av Rolf Losnegård. Nok eit sogespel ute i det fri på sommarstid i fylket vårt. Går inn i rekka som eit av dei jamne.

Først må det seiast. Kultursatsing i full breidde frå alt som kan krype og gå av kor, musikklag og ungdomslag i Vik, Balestrand og Leikanger. Stor felles dugnad og enorm innsats av flinke folk ber fram nye kulturhendingar. Bravo!

Så til spelet som teater. Rolf Losnegård har heldigvis fridd seg frå mange av dei gamle Fritjov den frøkne-mytane om den sterke vikingen. Han fortel oss på sett og vis eit nytt eventyr tufta berre på ein del av dei gamle mytane.

Fritjovspelet er eit musikkspel, og musikken til Magne Rutle let det klinge i messing. Musikken kler stykket godt, og kor og solistar kjem godt frå det.

Scenerommet er avgrensa av to små tårn med ein vegg imellom. Veggen er dels kledd med teppe, dels er det kvardagslege forskalingsflakar. Har dette ei eventyrleg meining, så må eg berre beklage, scenografien nådde ikkje fram til meg, for å seie det slik. Kostyma likte eg langt betre. Kostyme og sminke er i flotte fargar. Ikkje ”historisk korrekte”, men eventyrlege, og det gir fine masse-scener der mange er med. Massescenene fungerer fint. Her ligg nok mykje god jobbing med koreograf og instruktør i botnen. Instruktør Agnete Håland har gjort ein god jobb med den store staben.

Så til sjølve historia. Eller dramaet. Fritjov (Endre Hellestveit) og Ingebjørg (Agnes Kittelsen) er barndomskjærestar, og leikar sorglaust. Dei vert brått vaksne når fedrane deira døyr, og det syner seg at brørne til Ingebjørg har lova ho bort til den gamle Kong Ring – leikent spela av Frode Rasmussen. Anders Dale spelar Sog – eit alveliknande uvesen som også har forteljarfunksjon i stykket. Sjølv om Sog er godt spela så vert han kanskje for dominerande i stykket. Stykket fungerer best når hovudpersonane i trekantdramaet Ingebjørg, Fritjof og Kong Ring spelar godt skodespel ”på direkten” – slik som i sluttscena.

Eg synest dramatikken er ujamn. Undervegs vert det for mykje repeterande transportetappar. Men så tek det seg kraftig opp på slutten. Kong Ring har kjøp si brur, men han vil også ha hennar kjærleik. Ingebjørg er sterk. Ho innordnar seg og føyar han, men let han forstå at hennar verkelege kjærleik aldri vil bli hans. Ho demonstrerer trassig at ho berre pratar han etter kjeften. Då er det spenning og drama.

I sluttscena skjer det uventa at både Kong Ring og Fritjof den frøkne resignerer. Den gamle kongen gir seg utan kamp, og Fritjof vert ein 70-tals mjuk mann, før Ingebjørg byr han giftarmål. Kor truverdig dette er, kan andre dømme om. Men som teater, så synest eg det svinga på slutten. Eg går på teater mellom anna for å verte overraska. Det greidde sogningane og Rolf Losnegård denne gongen. Fritjof den frøkne som mjuk mann. Det må kallast fornying av sogespel!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *