Dialog og fargespel!

Førdefestivalen var tropisk og dirrande. Førdefestivalen står på tre bein. Alle like naudsynte om denne folkelege festivalmaskinen skal halde fram. Det første beinet er ”mega-formatet” i Førdehuset sin idrettshall. Det andre beinet er dei mindre arenaene med intim stemning. Det tredje er utviklingsprosjekta og kursa med Talent 08 og Fargespel i spissen.

Det store formatet i idrettshallen frå opningskonsert til galla. Her stuvar ein inn folk og køyrer lysshow. Her syner ein at folkemusikk ikkje skal vere gammalmodig – men moderne. Her stramar Søstrene ”stringen”, og det er det næraste du kjem Sarons Dal i Sunnfjord. For oss som ikkje diggar mega-formatet, er det likevel viktig å seie: Dette er ei naudsynt pengemaskin for festivalen. Utan Idrettshallen ingen festival. Førde-festivalen hadde trengt ei betre konsertretta storstove. Og nokre av idrettshallkonsertane kunne med fordel har vore korta litt ned på, særleg dei med lite variasjon. Det breie publikumet må få det nedskore og variert!

Men det er i dei små lokala sjela til Førdefestivalen veks. Der er vi tett på. På Himmelbrua eller på Åmot Gard. På bakrommet på Dolly (ja nettopp der!) og i vesle Restaurant Hugleik på Hotellet! Viss ikkje ein held fast på denne intimmassasjen – så slaknar festival-potensen! Diggarane må få nære opplevingar!

Så til utviklingsprosjekta, og i år med festival-tema ”dialog” er vinnaren ”Fargespel”: Born og ungdom med innvandrarbakgrunn og tradisjonell norsk bakgrunn side om side. Ole Hamre utvikla dette i Bergen, og no flytta han prosjektet til Førde og Førdefestivalen i samarbeid med Førde kulturskule, og den svenske eldsjela der – Johan Bengtson.

Ole Hamre samlar personar frå ulike kulturar. Han spør kva den enkelte kan. Kva den enkelte vil gi til felleskapet. Og på dette grunnlaget lagar han framsyning. Det er søndag kyrketid i Kinosalen i Førdehuset. Ikkje heilt full sal, men likevel fullt trøkk. Ei ekstrem-oppleving. Her byttar melodiar og rytmar i eit tempo som føreset ”fri” i tanke. Her kjem norske bunader og utanlandske drakter, tungemål og hudfargar i eit fargespel som bryt det tilvande, men som likevel ligg trygt i regien til trommissen Ole Hamre. Dei spelar opp halling og hattefok, og ein mørkhuda kar tek sats for den luftigaste satsen som har vore synt på ei scene i Sunnfjord. Deretter vare tonar – hand i hand – spenning mellom framandt og kjendt. Før folkemusikken bryt over i ”rapping”. Ekte glede, fart og sprut. Men viktigast: Ein Ole Hamre som tårer å syne den enkelte respekt og spør: Kva har du å gi til oss? Sterkt!
Og flott av festivalen. Her burde det vore peise fullt, gode festival-publikum, sølv om det er søndag føremiddag. Det vi har att av snevert bunadspoliti burde fått fribillett på blå resept, og der var ein ledig stol til motstykket deira – bunadsbrennar Anne Viken – som garantert ville få noko å skrive heim om!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *