Kvernstein-guiding av åttande klasse!

Vitja Kvernsteinparken jonsokdag! Opningsdagen for guiding. Ingen kø. Hyllestad er ingen turistfelle. Men dei har ein attraksjon i særklasse. Kvernsteinbrot frå 700-talet til 1930-åra. Frå før vikingtid til i vår mellomkrigstid. Kornet skulle malast til brød og graut. Det stod om livet. Kvernstein frå Åfjorden eksportert like til Austersjøen.
Kvernsteinparken og guidane formidlar på folkeleg vis soga om steinar til handkverner og vassverner, steinar frå 30 cm til 1,4 meter. Om den særmerkte steinen med harde granatar og mjuk glimmerskifer. Den unike kvaliteten som held seg ru i lang tid og samstundes er slitesterk. Om jekter lasta med stein. Om jekter som sokk. Omvisning i brotet. Om steinar som er hogde ut, men ikkje løyste. Du slepp å tvile.
Storfint ministerbesøk frå Island glir forbi. Dei skal sjå på dei ”nye” steinkrossane som vart funne no i vår. Ikkje ope for publikum. Eg henger meg på som uoffisiell ”diplomat for NRK”. Steinkrossane er ”feilvare”. Derfor vart dei liggande att. Som dokumentasjon for oss. Og Museet i Bergen. Og folket i Hyllestad.
Krossar frå kvernsteinparken. Solid symbolikk. Stein til kross og møller. Stein til himmel og jord! Det har levd folk før oss. Kornet kalla somme for ”Gudslånet”!
Utgangspunktet for guidinga i Kvernsteinparken er unik. Kvernsteinar til landet i 1200 år. Merka i naturen gjer det lett å guide. Verkeleg noko å syne fram. Omvisninga i kvernsteinbrotet skil seg kanskje ikkje ut frå anna guiding. Rolege vestlendingar av ”lokal rase” fortel. Om dei er gamle ordførarar eller tek doktorgrad si i parken. Du kan få det på tysk og engelsk og. Dei er klare for sesongen.
Så til det som greip meg mest. Åttande-klassingen Jørgen Skivenesvåg er nyutdanna steinhoggar. Åttandeklassingane får praktisk og teoretisk særundervisning i Kvernsteinparken. Her gjer Hyllestad kommune og Hyllestad Skule eit glupt trekk. Dei skulerer ungdomen, og sender dei i første rekke. Jørgen er snart klar for niande! Han er trygg i forklaringane sine. Han gir meg passar og hakke. Eg får prøve sjølv! Lett for nokre minutt. Men heile dagen?
Eg skal til å gå. Jørgen har litt meir å fortelje. Han repeterer løysingsprosessen av kvernstein. Om tolmodige slag på rett plass. Om spenninga med at steinen ikkje må breste. Om korleis vande øyre høyrer at no ….. NO! ….. no slepper den snart. Jørgen formidlar ikkje berre den ”tørre” kunnskapen. I tillegg gir han meg spenninga og gleda! Læremeistrane Astrid Waage og Torbjørn Løland får ha meg tilgitt: Ingen slår ein ivrig åttandeklassing i formidling!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Kvernstein-guiding av åttande klasse!

  1. 8 klasse 09/10 sier:

    Hei Jørgen ! gratulerer med teksten. 😀
    HELSING 8 KLASSE <3;*

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *