Strynerevy – trøkk og fart

Strynerevyen med eitt blad Myklebust og to blad Tvinnereim i spiss showa frekt, og eit plastbegersvingande publikum fekk det dei venta. Og det lokale publikumet tok godt imot. Sterke på song og typespel. Særs gode skodespelar-presasjonar og flott revy-band og glimrande lyd. Litt stand-up-prega med vekt på gynegolog-humor, horer og slutt-poeng som «skal vi pule?». Noko litt pinleg, javel. Men også breidde. Terra-skandalen, Nokas-ranet, Helse Førde og det korte sommarski-trekket på Strynefjellet fekk sitt.

Godt tempo, og ensemblet var «ferdig innøvde» til premiere. Enkelte nummer var likevel i lengste laget. Elles var regien tett og fin (Arild Bøe). Her skulle publikum takast med frå start!

Enkle kostymar på black-box-scene. Stryningane får til det dei prøver på. Dei har det lokale publikum i ryggen. Stoffet er generelt nok til at turistane også vil få det kjekt. Intensiteten i framsyninga og dei lettfattelege poenga gjer at showet går – sjølv om pils-bretta svingar i takt med musikken i teltet! Og etterpå dansa den innleigde trønderen på borda og leia allsongen på velkjende pop-svisker! «All you need is love»!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *