Skulptur-politikk og ned-steining

Ser at Stig Eikås svarar meg i lokalavisene. Greit. Eg har lite usnakka med Stig Eikås. Ikkje har eg kommentert kunsten hans heller. So det. Stig Eikås er – til liks med alle oss andre – i sin fulle rett, når kan kjempar for sine prosjekt.
Men skulptur-politikken til politikarar og byråkratar i Gloppen, og resten av fylket for den del – har eg kommentert. Og stilt spørsmål ved. Skulpturar i offentleg rom er langsiktige greier. Derfor bør ein tenkje seg om, og nytte seg av kunstfaglege råd. På Byrkjelo er nok toget gått. Men kanskje dei i neste «Stig Eikås-kommune» tek seg tid å tenkje seg om. Fylket må passe seg for å verte ned-steina utan motførestillingar. Det var mi frie ytring. Ikkje meir. Ikkje mindre.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *