Personleg riksteater

Min forstilling om mor, av og med Bente Børsum. I Førde torsdag. Personleg forteljarteater om si eiga mor i motstandsrørsle og konsentrasjonsleir under krigen. Enkelt fortalt. Enkel og gripande scenografi. Ei raud gardin eller ei raud elv. Blodraud løpar og skjørtet til mor. I eitt. Og ein stol, som også tente som vindauge på fangetransporten. Ei ung jente spela fele under framsyninga. Underbygde stemningane. Fortalde. Framifrå.
Det er ein fare at skodespelar og forfattar kjem for nær den sterke historia. Det er ein fare at forteljaren vert ståande i vegen for forteljinga. Stort sett gjekk det bra, men av og til kjenner eg på at det personlege engasjementet til Bente Børsum vert ståande i vegen. Hennar eiga historie vert ei historie i historia. Men la det vere sagt. Dette personlege engasjementet er også ein styrke i formidlinga. Det er ein særs dyktig skodespelar som veit kvar grensene går mellom det personlege som har allmenn interesse, og det reint private.
Teksten gjer historia allmenn ved å vere relevant i høve til krigane i dag. Og i høve til angst og redsle hjå born. Og vaksne for den del.
Stykket vert også allment interessant fordi det belyser menneske sin storheit og menneskeleg fornedring i konsentrasjonsleiren. Forfattar og skodespelar er tydeleg på at dette er ei historie ho har gjetta og drøymt seg framtil. Historia er ei forestilling i fleire tydingar av ordet. Meisterleg gjort. Med minimalt med fakter. Skore til beinet. Eit stykke som set i gang dine eigne tankar.
Eg vil også stille spørsmålet om det kanskje hadde vore betre å sleppe ein annan, og like god, skodespelar laus på stoffet. Eg ser ikkje bort frå at det hadde gitt ei enno større teateroppleving. Kanskje ville historia og teaterstykket stått enno meir nakent fram ved eit slikt grep. Men for all del. Hiv dykk rundt og finn billettluka. I kveld i Stryn!
Regien var ved Anne Karen Hytten. Scenografien var ved Christine Lohre.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *