Palmerevy med solide høgdepunkt!

Palmerevy nummer 49. Litt ujamt. Litt uferdig. Men med solide høgdepunkt, fin flyt og framifrå musikk. Det tok av mot slutten av 1. akt. Nummeret om Fatlabåten var fornøyeleg. Folket skreiv lange underskriftslister og kravde båt på fjorden også når Fatlavegen var open. Redsla var ikkje større enn at ingen brukte båten. God sjølvironi frå Palmerevyen. Lokalrevy på sitt beste.
Andre akt vart avslutta med eit anna høgdepunkt: Det nye Fritjof-spelet på Vangsnes og Terra-skandalen i Vik i ei koke. Då var det sogespel til mannskorsong. Då var det ”brede seil” over Sognefjord – med Kong Bele, Prinsesse Ingebjørg og Fritjof den Frøkne. Og gråtande Vik-ordførar og City Bank.
Nummeret om ”den store tenketanken” vart løyst med Nils R Sandal og Randi Førsund i same badestampen. Då stod spruten i taket på Leikanger Ungdomsskule.
Elles tok Palmerevyen eit vakkert farvel med den gamle spelestaden sin på Ungdomsskulen. Neste år er det revy nummer 50 på det nye kulturhuset – gamle saftfabrikken til Lerum. Eg ynskjer jubilanten lukke til i nye lokale, og set voner om litt friskare ”tapping på Saften” til neste år.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *