Talentet Førsund?

Randi Førsund får meg til å gå i spagat. På den eine foten: Ho vil lage Viking-kvinne-film til 100 millionar, og seier på direkte radio at ho er «eit eineståande talent»! Det gled meg at fylket fostrar kvinner med slikt uttala sjølvbilete. Her er nok Jante!
På den andre foten: Ho framstår som svevande for meg. Utydeleg. Snakkar om dei berømte «vennane» sine, eller det «faglege nettverket» som det vert kalla. Og kvifor treng ho rakke ned på høflege avslag og velmeina kritikk?
Eg ligg «i spagaten» og tenkjer: Den som har eineståande talent treng vel kanskje ikkje lære å krype før ho skal lære å gå? Ein ærleg mann tvilar likevel på det. Men ynskjer: Måtte det gå bra med Førsund og Filmen!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *