Prøv eit million-prosjekt – Randi Førsund

Randi Førsund har tilrive seg posisjon som ein av dei fremste debattantane i fylket. Flott! Ho fremjar alltid ”Vikingfilmen” sin til 100 millionar i god kvinnekamp-tradisjon: ”Ikkje by oss noko smått” – ei viktig kvinneparole i tidlegare tider. Eg prisar Randi Førsund som ”diskusjonsglad, sterk og sta”! Men ”hakk i plata” er sjeldan vakkert å høyre på i lengda. Ikkje gjer det seg på film heller. Eller når ein skal skrive film-søknad.
Så derfor: Eg trur at den beste søknaden til eit 100 millionars prosjekt er å gjennomføre eit vellukka millionprosjekt. Eit vellukka ein-million-prosjekt vil vere den sterkaste søknaden før eit prosjekt kan ”gå i hundre”. Slik er det for dei fleste menn. Slik er det for dei fleste kvinner. Slik er det kanskje også for Randi Førsund?

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Prøv eit million-prosjekt – Randi Førsund

  1. Sverre sier:

    Ikkje dumt forslag, dette. Det var slik Tommy Wirkola, Stig Frode Henriksen og resten av gjengen bak «Kill Buljo»-filmen gjorde det. Laga nokre scener som dei la ut på nettet. Dette beviste at dei faktisk var i stand til å gjennomføre eit slikt stort prosjekt, samtidig som det gav dei sponsorar og merksemd blant oss som er interesserte i norsk film.

    Du får ringe han Tommy og be om råd, Randi,

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *