Hurra for kvinnetog på meieri, bank og hotell!

Debatten om kvinnedagen tok av i år. Tyder på liv og mangfald. Flott. Mitt råd er: La arrangørane arrangere! Spørsmålet er enkelt: Kven elles? Alt for ofte tyt vi om kva «dei andre» skulle ha gjort. Det er fint at nokre let seg «stenge inne» i banken medan andre vert «stengde ute» frå meieriet. Dette er faktisk demokratiske parolediskusjonar i vår medie-tid. Demokratiet ligg i at den som er misnøgd med eit arrangement kan satse på eigne krefter neste år. Ingen har monopol på dagar. Ikkje 8. mars. Ikkje 1. mai. Sjølvaste 17. mai vart fødd i strid og ”torgslag”!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *