Kvinnekultur – skotårsfrieri og 8. mars

Kvinnedagen 8. mars er flytta frå gatene og inn i hotellvarmen. Her føregår dei vegg i vegg og striden står tilsynelatande mellom kvinner som vil etablere «blåstrømpe»-bedrift og dei som dreg med seg «raudstrømpe»-tradisjonen. Årvisse er diskusjonane om kvinnekampen er utgått på dato. Så lenge det er diskusjon er der håp. For kvinnene. Og for oss karane. Her heime. Og ute i verda.
I år fekk kvinnedagen eit «førespel» med offentlege skotårsfrieri. Over ein låg damesko fridde stasdamer i alle aldrar og stillingar – frå ytste kyst til inste departement – til litt forfjamsa karar – som samstemt svara JA med blanke augo.
Eg vart litt overraska. Ikkje over at kjærleiken blømer eller over at kvinner frir når dei har lyst. Men at det får store sendeflater i alle kanalar. I 2008. Ein gamal tradisjon frå den tida at kvinner berre «hadde lov» å fri på skotårsdagen, og at den kar som takka nei måtte bøte med 12 par damehanskar. Ei tid då 8.-mars-toga var særs korte! Skal tru om 8.-mars-arrangementa får like brei medie-dekning som skotårs-frieria i år? Undrast eg. Nokre dagar før 8. mars 2008!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *