Florerevyen vel ”Ute av hiet”!

Laurdag var det premiere på Florarevyen. Stinn brakke og show! Gode skodespelararar. Framifrå band med trøkk i musikken og flinke dansarar. Sjølvironisk start med ”Der ingen skulle tru at nokon kunne bu” om det ”kriseråka” Florø. Godt grep om nedlegging av sjukehus, dag-kirurgi og natt-kirurgi – og trøbbel med symjebassenget. Men nauda er ikkje større enn at matbutikkane er i vekst!

Grannane fekk sitt. Slikt høyrer lokalrevyen til. Terra-trikset i Bremanger fekk sitt ”Bort i svarte natta”! Førde fekk lite pepar. Sølv i sjukehussaka var det Klara Øberg frå Sogn som måtte tola mest.

Florarevyen ruskar godt i sine eigne. Nummeret om skytebasen som sprengde ”halve Florø” i lufta er saman med nummeret om ein forvorpen ungdomspolitikar Nødseth gode døme på det. Dei vert parodierte med snert, varme og speleglede. Fornøyeleg.

Det meste er godt. Men ein del kroppsleg humor er lettvint, og vert utført utan særleg eleganse. Men bevares. Ei lett-flira og patriotisk forsamling tok det til seg.

Mi største innvending er lengda. Sjølv om regigrepa er gode, så er to og ein halv time alt for langt. Revyen ville vunne på å vore stramma inn med minst ein halvtime, og det undrar med at den rutinerte regissør Øyvind Angeltveit ikkje har gjort det. Men å skjere i Florøansk speleglede og lokal tekst er sikkert ikkje enkelt.

Scenen er enkel og fungerer fint saman med god lyssetjing. Lyden er god, men av og til overdøyver bandet songarane, slik at teksten forsvinn.

Til slutt vil eg nemne det entusiastiske publikumet som fyller salen år etter år i Florarevyen – den største i fylket. Publikum ser ut til å betale 280 kroner med lett hjarte. Dette seier noko om den gode Florø-patriotismen. Rå billett-pris, ja vel, men ein interesse som gjer at Florerevyen kan satse mykje pengar. Slikt står respekt av!

Florarevyen spelar i helgane utover. Våren er i rute, og Eikefjord-bjørnen er vel ”ute av hie”!

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *