”Pappa er en stjerne” av Hege Holm

Ei bok om å verte enkje med tre små døtre. Skrive over ti år etter at mannen Stein Heide døde av kreft. Ei ærleg bok. Ei personleg bok. Ei bok å verte gripen av. Ei direkte skildring i korte setningar med lett tilgjengeleg språk. Forfattaren er NRK-menneske og fortel godt om:
– kvardagsliv og kreft
– småjentene ved sjukesenga og samhaldet mellom dei tre søstrene
– seg sjølv som sørgjande brud i bunad
– støtte frå vener og småjenta sin skulestart utan pappa
– farsdagskort på grava og fakta om forsikring
– økonomisk åleine-ansvar og vanskelege høgtider
– karriere, kjærleik og kaos
– å vere enke og tore å sleppe taket i sorga
– ny kjærast og studieturen til England som gjorde at kjærasten vart skifta ut
Historia vert krydra med døtrene sine sitat om ein god far og ei mor som kjempar med sorga si i kvardagslivet. Så langt greitt. Dette handlar om ekte liv. Her kjenner vi oss alle att, sjølv om historia er spesiell. Men. Det er alltid eit men. I alle fall for ein kulturmeldar. Spørsmålet er: Har dette allmenn interesse, eller vert det for privat? Vert lesaren ein ”kikkar” inn i eit rom som burde vorte verande privat? Er dette lettvint ”Vekeblad-stoff” eller er det litteratur som skildrar eit spesielt familieliv – med kreft og død – på 90-talet i Norge?

Eg vil halde opp ein standard for slike bøker. Det er når Edvard Hoem skriv om ekteskapet til foreldra sine i boka: ”Mors og fars historie”. Hoem er også sterkt personleg i si skildring, men det er meisterleg gjort med ein viss distanse i tid og generasjon, slik at lesaren får nok avstand til å kunne ta til seg det allmenne.

I boka til Holm er avstanden langt mindre. Det er enka sjølv som skriv ti år etter at ho miste kjærasten og faren til dei tre småjentene. Det gjer at eg av og til i boka kjenner meg som ”kikkar”. Kanskje hadde boka og historia tent på å vere ført i pennen av ein annan forfattar – ein med større distanse til stoffet? Personleg ”trøkk” er nødvendig, men viss skildringa vert privat, så taper eg som lesar avstanden, og elles gripande stoff kan misse allmenn interesse.

Men på den andre sida: Å kalle dette lettvint Se- og Hør-litteratur ville vere å skyte langt over mål. For det er også styrken til boka at ho er personleg og direkte. Boka kan også lesast som ei generell samlivs-skildring frå 90-talet i Norge. Her er mykje generelt stoff, som ikkje berre handlar om kreft og død. Vanlege utfordringar for tenåringsforeldre – og foreldre og born sin situasjon etter skilsmisse vert også belyst.

Eg greier heller ikkje å fri meg frå tanken om at boka vert ekstra ”interessant” fordi det handlar om medie-kjendisar i NRK-miljøet. Eller kanskje vert det mindre ”interessant” av den grunn? Men bevares. Ein forfattar må få ha eit yrke og den avdøde likeeins. Og det må kunne utgjevast personlege skildringar i bokform, sjølv om det er eit langt stykke opp til Edvard Hoem.

Oppsummert: ”Pappa er en stjerne” av Hege Holm er ei personleg bok av og om ei kvinne og hennar krevjande liv. Ei direkte og litt ”reality-prega” bok som av og til
balanserer på den vanskelege kanten om å verte litt for privat. Men viktigast: Ei viktig bok om å meistre livskrisa. Ei bok om å kome seg vidare.

Om hans jakob reite

Hans Jakob Reite er kulturmeldar på NRK Sogn og Fjordane. På denne bloggen ligg kulturmeldingar i tekst, radioklipp og bilete. ”På scenekanten” melder framsyningar, arrangement, bøker og kunst. Eg skriv også om aktuelle kultursaker.
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *