Motvind, men ikkje motlaus

john-gunnar-skien.JPG

Eg orkar ikkje å tenka for mye på det, men værmeldingane ser ikkje spesielt oppløftande ut mtp Nordsjørittet på lørdag. Lite me kan gjera med det, tenkte eg. Heilt til eg tok turen til Sandnes i dag…

Dette er karen som veit å ordna seg. Tenkte kanskje at denne sykkeldrosjen kunne vera løysinga i Nordsjørittet viss været ikkje blir det beste? Så kan eg sitta der og kosa meg. Det er bare eitt problem: Eg har ingen som kan sykla for meg.

Nåvel. Eg har besøkt Sandnes i dag i samband med ein liten reportasjeserie som skal gå i sommar. Kva dén handlar om vil eg sjølsagt ikkje røpa nå. Det skulle tatt seg ut. Men eg fekk i det minste ein liten tur i sykkeldrosjen – som neppe eignar seg for Nordsjørittet for å vera heilt ærleg. Farkosten er truleg godt parkert på rådhuset nå, og eg sjekkar værmeldingane titt og ofte i håp om trivelegare varsel på lørdag.

Dette innlegget ble publisert i John Gunnar. Bokmerk permalenken.

3 kommentarer til Motvind, men ikkje motlaus

  1. Eva sier:

    Karine sykler jo…

  2. John Gunnar sier:

    Det har du pigede heilt rett i, Eva! Eg skal snakka med henne…:)

  3. Karine Næss Frafjord sier:

    Jeg kan la meg bestikke… Men det er klart det koster! 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *