Sykling mot vikingdepresjon

20042009294.jpg

Eg bør kanskje ta hintet. Eg har sykla til Viking stadion dei to siste vikingkampane. Det har endt med tap begge gongene. Vel, eg får vel tru at det er tilfeldig. For det er ganske fint å sykla til kamp. Åtte kilometer kvar veg. Turen ut til stadion bruker eg til å gleda meg, heimturen går med til å sykla av meg frustrasjonen over eit nytt heimetap.

Eg slepp unna irriterande bilkøar og det er lett å finna parkeringsplass til sykkelen. Det er ganske imponerande mange som syklar til kamp, synest nå eg. Så i dag måtte eg ta eit bilde mens eg sat på sykkelsetet.

Det er pinleg lenge sidan eg har blogga her. Skal skjerpa meg. Men eg har nå i alle fall begynt å sykla til jobben, dermed blir det ei mil kvar dag på det, i tillegg til dei lengre turane. Fire mil på søndag var ei bra økt i fint vær:) Trur eg er godt i rute til Nordsjørittet, sjøl om eg ikkje opererer med tidskrav til meg sjøl. Eg skal gjennomføra. Ferdig med det.

Dette innlegget ble publisert i John Gunnar. Bokmerk permalenken.

2 kommentarer til Sykling mot vikingdepresjon

  1. Geir Rommetveit sier:

    Du forstår kanskje kvifor eg då ikkje syklar frå Bergen til Bryne for å sjå laget mitt……eller kanskje er det nett det som skal til; at eg syklar halve Vestlandet for at Bryne-spelarane skal bli inspirerte. Forstår det har vore positivt å koma heimigjen til Stavanger, Jonni……….

  2. John Gunnar sier:

    Det er jo ein kanonidé, Geir! Sykla frå Bergen til Bryne på neste heimekamp. Kan bli ein brillefin føljetong på såvel nett, radio og tv hos oss:) Kjør på!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *