Sylfest Lomheim – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Ope brev til Sylfest Lomheim http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/#comments Fri, 02 Jan 2009 12:28:28 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/ope-brev-til-sylfest-lomheim.html Les videre ]]> Til Språkrådet
v/direktør Sylfest Lomheim
Postboks 8107 Dep, 0032 Oslo

Alt for mykje sinnsykt

Trur du det kan vera mogeleg å få austlendingane til å slutta med å seia sinnsykt i annakvar setning?

Du veit heilt sikkert kva eg meiner. For eksempel då Aksel Lund Svindal vann eit renn etter å ha vore skada i eitt år: Sinnsykt bra følelse, sinnnsyk fart ned henget og sinnsykt deilig å passere målstreken!

Eg hadde trudd dette var ei sykje som skulle gå over, men det blir berre verre og verre. Og sidan ordet er like malplassert som engelskmennene sin bruk av ordet fuck (øksling) i alle slags utrengsmål, må noko gjerast!

Kanskje kan Språkrådet leggja dette i handlingsplanen sin for 2009? Eller kan du Sylfest setja ned eit hardtarbeidande utval som kan finna nokre sinnsykt gode alternativ?

Sei i frå så skal eg hjelpa deg med nokre gode namn!

Beste helsing

Kai Aage Pedersen

PS! Etter at du er ferdig med sinnsyk, kan du ta ordet lissom. Ikkje fullt så nøye med det. Verre når ei heil pasientgruppe blir henta fram kvar gong ein autslending øser seg litt opp.

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/feed/ 19