sosiale nettsamfunn – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Sogn og Fjordane i digital bakevje? http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/23/sogn-og-fjordane-i-bakevja/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/23/sogn-og-fjordane-i-bakevja/#comments Tue, 23 Dec 2008 19:54:58 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/sogn-og-fjordane-i-bakevja.html Les videre ]]> I dag høyrte eg miljøvernsminister Erik Solheim i ein radioreportasje om det sosiale nettsamfunnet Twitter. Han fekk spørsmålet veit du kva Twitter er?

”Hakke peiling” var svaret.

Twitter er eit lynraskt sosialt nettverk som også fungerer godt til å senda ut nyheiter. Twitter var først med nyheiter frå Mombai, dei var først med å fortelja at forfattaren Anne-Cath Vestly var død, og nettverket var eit viktig våpen for Barrack Obama då han vann valet i USA for nokre veker sidan.

Men det er altså få norske politikarar der ute i fuglekvitteret, og ein kjapp gjennomgang i dag viser at det truleg står endå verre til i Sogn og Fjordane enn elles i landet. Nokre få journalistar følgjer med, elles nesten null.

Ikkje så nøye?

Vel. Dei som styrer fylket vårt har ingen hemningar når dei brukar ordet framtidsfylket når dei skal reklamera for Sogn og Fjordane. Norge.no og eit direktorat som har ansvar for staten sin IKT-politikk held hus på Hermansverk. Eit fylke som tek mål av seg til å få ungdommen heim bør rett og slett vera først med det siste!

Og det er lite som tyder på at dette er ein hype som går over. Facebook har 1.3 millionar medlemmer i Norge. Gjennomsnitts brukstid når folk loggar seg på er 20 minuttar. Når servarane til Facebook er nede er det jubel hjå VG-nett, trafikken går dramatisk opp.

Vi får difor håpa at sentrale utviklingsmiljø i fylket har planar i skuffa for korleis dei skal forholda seg til dei nye møteplassane. Viss dei ikkje har det bør det vera eit sentralt mål i det nye året. Noreg.no og minside.no må til dømes vera svært synlege og også kommunisera via slike arenaer.

I NRK har vi styrt med slikt ei god stund. For eit par år sidan heldt eg føredrag om dette i Florø – for ei statleg leiargruppe med fylkesmann Oddvar Flæte i spissen. Eg fortalt at NRK har kjøpt si eiga øy i den virtuelle verda Second Life. Det var ikkje mange som hadde sansen. Spesielt ikkje administrerande direktør i Hels Førde, Jon Bolstad. Trur dette var midt i ein serie av det han hevda var irrelevante oppslag frå sjukehusstellet i fylket.

”Det hadde vore flott om NRK hadde flytta ut på denne øya og vorte verande. Hi, hi, hi!” Var den turrvittige kommentaren frå direktøren”

Og de behøver sjølvsagt ikkje reisa heilt til NRK si øy i Second Life!

De kan starta med å sjå kva eg driv med her: www.twitter.com/kaiaage

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/23/sogn-og-fjordane-i-bakevja/feed/ 8