Sogn og Fjordane – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Endeleg fekk eg svaret! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/24/endeleg-fekk-eg-svaret/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/24/endeleg-fekk-eg-svaret/#comments Mon, 24 Nov 2008 10:48:49 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/11/endeleg-fekk-eg-svaret.html Les videre ]]> Over heile førstesida, i den største avisa landet kan oppdriva, fekk vi svaret vi har venta på i 24 år: Kvifor i all verdas rike gjekk Anita Skorgan i frå Jahn Teigen? Korleis kunne ho finna på det? Ein slik sjarmerande kar, som attpåtil er rasande flink til å syngja?

Bak ei slik førsteside ligg det mykje hardt arbeid. Sidan dette er henta frå ei bok lyt ein lesa boka. Og før ein gjer det lyt ein syta for å få tak i boka:

”Hei, det er frå VG her! Vi kan gjerne tenkja oss å slå stort opp denne boka om Jahn Teigen, men då må vi ha det ekslusivt. Flott viss de kan leggja ein gul lapp ved kapittelet som handlar om skilsmissen så slepp vi lesa heile boka. Travelt å vera journalist, skjønnar de, spesielt i landets største avis! He, he, he!”

Med ei slik toppsak er helga berga. På resten av førstesida er det berre å fylla på med kollosalt viktige saker. Komiker Jonas Gardell voldtatt av mann. (sikkert 24 år sidan det og) Gørild Maurseth sitt naken bilde publisert på pornonettsted. Og til slutt: Sex-leken endte i drap!

Her har sjølvsagt lokalavisene i Sogn og Fjordane mykje å læra! Kritisk journalistikk og meldingar frå lokalsamfunnet må leggjast vekk til fordel for tjue år gamle skilsmål, og folk som skryt av at dei har vore oppe i senga til Kjell Inge Røkke!
Jaudå for kvar dag som går blir eg tryggare og tryggare på at lokalaviser med substans og innhald som du ikkje finn andre stader er eit villspor! 24 år gamle skilsmål er det folket folket vil ha!

Eller?

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/24/endeleg-fekk-eg-svaret/feed/ 4
Førebur seg på katastrofe http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/11/f%c3%b8rebur-seg-pa-katastrofe/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/11/f%c3%b8rebur-seg-pa-katastrofe/#respond Tue, 11 Nov 2008 10:22:37 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/11/f%c3%b8rebur-seg-pa-katastrofe.html Les videre ]]> Eg er på pandemiøving på Alexandra hotell i Loen. Som redaktør for eit av NRK sine distriktskontor sit eg i fylkesberedskapsrådet som skal koordinera beredskapen ved eventuelle katastrofar.

Pandemi-øving

Og det er altså ikkje russarane som er houdfienden, heller ikkje terror. Endra reisevanar og globalisering gjer at styremaktene no fryktar for smitte av pandemisk influensa.

Ikkje så farleg?

Det trudde ikkje eg heller, men når eg snakkar med helsepersonell som har greie på dette blir dei urolege i blikket. Risikoen er absloutt til stades for at Europa ein eller annan gong får eit slikt virus blant innbyggjarane. I verste- fall scenariet som blir rulla ut i denne øvinga er det 8.000 sjuke kvar dag og 120 døde per dag – berre i Sogn og Fjordane.

Og medan finanskrisa tek mesteparten av merksemda i media er SARS-viruset minst like aktivt som før. Fråveret frå avisspaltene betyr slett ikkje at fugleinfluensaen har teke pause.
Difor er det alvor når smittevernlegar, forsvarstoppar, rådmenn, ordførarar, fylkeslege, helsedirektoratet og andre etatsjefar møtest for å øva på ei slik katastrofe i Stryn. I lag med fjellskred er ein pandemi blant dei tunge katastrofane som kan råka fylket vårt i fredstid.

Og vi er sjølvsagt ikkje åleine. Styremaktene arrangerer slike øvingar landet rundt, landet førebur seg rett og slett på at det verste kan skje. Så er det berre å håpa at denne typen øvingar er med å skjerpa beredskapen blant dei som styrer, og at skadeverknadane blir minst mogeleg dersom vi blir råka.

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/11/f%c3%b8rebur-seg-pa-katastrofe/feed/ 0