redaktøransvar – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Tøffe nettdebattar http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/#comments Tue, 28 Oct 2008 10:41:15 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/t%c3%b8ffe-nettdebattar.html Les videre ]]> Har du vore utsett for tøff omtale på nettet, frå anonyme personar, eller kanskje personar som gir seg ut for å vera ein annan enn dei er?

Vårt nye medium byr på mange utfordringar. Norsk Journalistlag (NJ) vil ha førehandsgodkjenning av alle debattinnlegg på nettet. Men er det løysinga?

NRK Sogn og Fjordane sine nettsider har vi hatt veker med over 1.000 debattinnlegg, mange av dei korte utbrot mot siste innlegg, men også svært mange gode kommentarar med mykje god dokumentasjon.
Men stadig nye problemstillingar dukkar opp etter kvart som folk får innsikt og trening i vårt nye medium. For eksempel har det vorte vanleg å gå under falskt flagg: Kva gjer for eksempel redaktøren viss fylkesordførar Nils R. Sandal under fullt namn går til angrep på ein partikollega? Partikollegaen svarer med eit endå tøffare angrep på Sandal , begge innlegga sjølve skrivne av ein politisk motstandar.

I Sogn og Fjordane er dette ei høgst reell problemstilling. Eksempelet over har vi vore borti fleire gonger (men ikkje fylkesordføraren). Folk går i krigen enkelte gonger med fullt namn, andre gonger begge deler. Folk diskuterer gjerne med seg sjølve med fleire nick – og legg gjerne ut provokasjonar mot eigne meiningar for å få fyr i diskusjonen.

Korleis skal vi så handtera dette? Skal vi ringa Nils R. og sjekka at han skrive dette innlegget, eller skal vi la dette gå? Kva skjer når profesjonelle spinndoctors tek i bruk desse teknikkane for å styra samfunnsdebatten dit dei vil? Av og til debatt med fullt namn, nokre gonger i andre sitt namn!

Med redaktørplakaten og NRK sin merkevare er vi med å legitimera desse debattane. Vi gir debatten autoritet, og må syta for at denne er intakt også etter at folk har rasa frå seg i nettsamfunna våre.

Eg vil ikkje ha førhandsgodkjenning av nettdebatten slik NJ vil, men vil prøva å få NRK sentralt med på ei ordning der kvar enkelt må registrera seg med mobilnummeret sitt før dei legg ut ein kommentar. Fram til vi får det på plass skal NRK Sogn og Fjordane følgja nettdebatten med falkeauge.

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/feed/ 21