provins fredspris – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Slekta til Martti Ahtisaari http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/12/slekta-til-martti-ahtisaari/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/12/slekta-til-martti-ahtisaari/#comments Fri, 12 Dec 2008 10:59:02 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/slekta-til-martti-ahtisaari.html Les videre ]]> Viss eg nokon gong får fredsprisen håpar eg at eg slepp den skjebnen Martti Ahtisaari har fått denne veka. Sidan han tok første steget ut av flyet på Gardermoen har han vorte rend ned av perifer slekt. Til og med Dagsrevyen henta fram ein tremenning frå Hvaler som Ahtisaari måtte klemma og kosa med medan NRK sin fotograf filma. Litt kjensler må lisensbetalarane få når vesle Oslo har alle verdas auge på seg desse desemberdagane i 2008!

I Romerikes Blad kan vi lesa at ”likheten mellom Georg Adolfsen og Martti Ahtisaari er slående.” I oppslaget sit Georg med eit kollosalt fotografi av fredsprisvinnaren i fanget – og alle ved sine fulle fem ser at dei to ikkje er det minste like.

I Aftenposten les vi at Ahtisaari er æresborgar av Namibia og at oldefaren er frå Tistedalen. Fredrikstad Blad har henta opp sin eigen tremenning av fredsprisvinnaren og Halden Arbeiderblad har sjølvsagt funne sin variant av Adolfsen-slekta frå dei djupe austlandsskogane.

Spesielt spennande journalistikk er det ikkje. Og det må vera stusseleg å vinna Nobels Fredspris og få ei mediedekning som på eit middels vestlandsk slektsstemne!

Tippar Martti Ahtisaari er glad for å komma seg heim i huset sitt i Finland, ta av seg smokingen, sparka av seg lakkskoa og blanda seg ein god dram!

”Vooi vito! Perkellee! Desse nordbaggarna er en spesiell gjeng!”

Og vi er ikkje heilt fri for denne provinstenkegangen her i fylket heller. Hugsar godt då Sogn Dagblad rydda heile førstesida for oppslaget: Bjørn Dæhlie har slekt i Brekke!

Eller kva med avisa Sogn og Fjordane sin journalist John Moberg som hadde vore på gratiscruise med Color Line til Newcastle? Den lokale vinkelen var tynn, men klinkande klar, over 10 spaltar:

”Og han som rører i grytene er frå Hermansverk!”

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/12/slekta-til-martti-ahtisaari/feed/ 4