NRK – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Og vinnaren er… http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/#comments Wed, 17 Dec 2008 11:03:06 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/og-vinnaren-er.html Les videre ]]> Kanskje litt intern, men likevel ikkje: NRK Sogn og Fjordane har i 2008 jobba for å betra språket vårt – spesielt på nettet. Radiojournalistar som er flinke til å snakka, er ikkje alltid like gode skribentar. Difor har vi i år delt ut språkpris som vart delt ut laurdag kveld.

Vinnaren kvitterte med ein lang og knakande god takketale som vi dessverre ikkje har skriftleg, men grunngjeving til juryen og kven som vann finn du her. Eventuelle gratulantar kan skriva kommentarar. Ueinig i tildelinga? Skriv då og!

Arve Uglum er vinnaren av NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2008. Med godt språk, humor og forteljarglede, leverer sogningen flotte språkblomar til fylket kvar einaste veke.

For NRK er Arve ein god mal for språkbruk både i lokal – og riksflatene. På sin stilsikre måte framfører han bodskapen på klingande sognamaol – også når han rapporterer frå VM i alpint på NRK1.

Frå det siste året hugsar vi godt dei mange kommentarane om Sogndal Fotball, men også den leikande TV-reportasjen frå fotballkampen på Veitastrond. Litt lenger tilbake hugsar me Grautmål, dialektordserien på radio som ufarleggjorde ordet grautmål, og som vart ei merkevare for NRK Sogn og Fjordane.

Arve Uglum jobbar medvite med å finna kreative og nyskapande formuleringar i tekstane sine. Dette arbeidet løftar han forbi den grå massen av lettvint journalistikk og gjer han til ein akta samfunnsperson i sin region.

Godt språk er det viktigaste instrumentet til ein journalist. Arve Uglum brukar verktøyet sitt godt både skriftleg og munnleg. Han er difor ein verdig vinnar av NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2008.
(I juryen: Olga Wergeland, språkkontakt Noralv Pedersen og underteikna)

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/feed/ 8
”How are you, din tyl?!” http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/09/%e2%80%9dhow-are-you-din-tyl%e2%80%9d/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/09/%e2%80%9dhow-are-you-din-tyl%e2%80%9d/#comments Tue, 09 Dec 2008 14:12:27 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/%e2%80%9dhow-are-you-din-tyl%e2%80%9d.html Les videre ]]> ”No er pandemien komen til landet. Synd du er vekke og ikkje jobbar i det heile!”

Det låg ein småfrekk handskriven lapp på skrivebordet mitt då eg kom att frå jobbreise i helga. Frekkasen som hadde skrive den er busett på Cape Cod, der store deler av Kennedy-familien har residensane sine. (dei som er att)

Pandemien han skriv om er henta frå bloggen min som han hadde lese nokre veker tidlegare – frå USA. No hadde han vore innom NRK sitt distriktskontor på Prestebøen i Førde med ein lapp. Innhaldet var ikkje så interessant, rett og slett ei konstatering av at eg min tulling kunne finna på å reisa vekk når han kom på uventa besøk! (vanleg og direkte måte å snakka på i Indre Sogn)

Første gong eg var i kontakt med denne sogna-amerikanaren var i 1995. NRK var tidleg ute med epost og eg måtte prøva. Få hadde datamaskin, endå færre hadde internett og endå færre såg nytten av å senda epost. Difor var epost-boksen min skalande tom i vekesvis!

Men så, den 4. april 1995, sa det pling. Eg hadde logga meg på nettet med eit modem større enn ei skoøskje og opp på skjermen kom det ein epost frå JPNautilus. Eg mått ta fleire rundar rundt i redaksjonen og fortelja om storhendinga. Dette var truleg blant dei første utanlandske epostane til NRK Sogn og Fjordane nokon gong! Telefaksen hadde fått ein konkurrent!

Bak JPNautilus skjuler systrendingen Arne Grepstad seg. I dag vel 13 år etter den første eposten, avslører ei ny teknlogisk nyvinning, Google, kvifor han har valt eit så spesielt namn:

The NAUTILUS MOTOR INN is a WATERVIEW MOTEL located in WOODS HOLE on CAPE COD near the MARTHA’S VINEYARD FERRY. The Nautilus is within walking distance of the village which includes BEACHES, WOODS HOLE OCEANOGRAPHIC INSTITUTION, MARINE BIOLOGICAL LABORATORY and many other attractions. Owner: Arne Grepstad

Eg konstaterer endå ein gong at verda blir mindre. Vi kan reisa så langt vi vil, men blir googla i løpet av få sekundar. Kommunisera gjer vi så lett som berre det på sosiale nettsamfunn og på chattetenester.

Og så lurer du kanskje kva Grepstad skreiv om i den første eposten i 1995?

Den var kort og grei, utforma på sognavis den og:

”How are you, din tyl?!”

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/09/%e2%80%9dhow-are-you-din-tyl%e2%80%9d/feed/ 1
Meir trekkspel i NRK P1? http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/18/meir-trekkspel-i-nrk-p1/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/18/meir-trekkspel-i-nrk-p1/#comments Tue, 18 Nov 2008 13:13:29 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/11/meir-trekkspel-i-nrk-p1.html Les videre ]]> Den siste veka har eg fått tre telefonar og ein lang epost om at det blir spelt for lite trekkspel i NRK P1. NRK Sogn og Fjordane må vel ha vit til å spela noko meir enn Janne Ahonens smil med Åge Aleksandersen, sa ein kar frå Nordfjord før han la på røyret.

Sverre Aase frå Vik formulerer seg slik: ”Eg trur eg må vere ein av dei mest trufaste radiolyttarane til NRK P1. Radioen står på heile dagen, for eg likar å høyra på lokalsendingane og det er mange fine program på P1. Men no må eg snart byta kanal, for den einsformige musikken dei spelar har begynt å gå meg nervane laust.

Aase prøvde å skru seg inn på NRK Hordaland men fann nesten same musikken der. 80 prosent av all musikken som blir spelt i NRK P1 blir nemleg plukka av ekspertar i Trondheim. Dei går vitskapleg til verks, brukar breidt samansette smakspanel med mentometerknappar, og om natta blir popsongane spela over på datalinjer – klar til å bli kringkasta i dei regionale radiosendingane på P1.

Det er altså slutt på tida der programleiarane kunne gå i platearkivet og henta fram russiske julesongar, og bra er det. Undersøkingar viser at det er den såkalla programleiarmusikken som skårar dårlegast blant publikum. Ein enkelt person er rett og slett ikkje i stand til å finna ut kva musikk som fengar dei store massane.

I NRK Sogn og Fjordane står vi difor att med å plukka lokalmusikken som skal vera 20 prosent av all musikk vi spelar. Her kan vi sjølvsagt leggja inn meir trekkspel, men eg er usikker. Har ikkje Sjetraddane og Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb fått nok sendetid? Eg berre spør! Er det for mykje eller for lite trekkspelmusikk i lokalradioen – NRK Sogn og Fjordane!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/18/meir-trekkspel-i-nrk-p1/feed/ 39
Kamp for historiebøkene? http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/04/kamp-for-historieb%c3%b8kene/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/04/kamp-for-historieb%c3%b8kene/#comments Tue, 04 Nov 2008 09:44:02 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/11/kamp-for-historieb%c3%b8kene.html Les videre ]]> Det er slutt på heislivet trur spelarane på Aalesund. Ikkje minst Trond Fredriksen som skåra på eit langskot i den viktige kampen mot Lillestrøm sikker på det.

Men eg trur onsdag 12. november, på ein stadion oppkalla etter danskebåten, vil vera ein perfekt exit for Håvard Flo! Ein regnfull haustkveld, med kunstig gras og flaumljos – og ein Kjetil Rekdal med hangande hovud ! I sentrum for alle kameralinser, stryningen som nikka inn det avgjerande målet nokre minuttar før slutt: Akkurat no vil han ikkje avvisa at det kan gå mot ein sesong til, seier han til fjernsynsteamet frå NRK. Og journalistane nikkar smilande og forventningsfulle – slik dei berre har lov til å gjera på ein sportsarena!

Denne filmen vil eg sjå! Eg har nemleg sett einaren og den var rasande god: I 2000, då Vålerenga etter 0-0 i første kampen på Fosshaugane reiste heim til Oslo, bombesikre på at fornya tillit var sikra. Kampen på Ullevaal nokre dagar seinare var alle kvalifiseringskampars mor! Ein kamp for historiebøkene og magiske minuttar for alle som var til stades!

Så lyt eg sjølvsagt vedgå at eg ikkje har inngåande kunnskap til fotballfaglege ting. Og det er heilt sikkert rett at det nest dårlegaste laget i vår gjevaste fotballiga skal vera betre enn fjerdeplassen hjå dei nest beste. Men fotball er heller ikkje denne gongen rein matematikk. Sogndal har i haust vore det beste laget i 1. divisjon – best har dei vore mot gode motstandarar som i cup-kampen mot Stabæk.

Og Sogndal spelar med lite press. Leiinga har lagt vekk forventningsfulle flosklar som jubelsesongen og fokuserer heller på å byggja eit best mogeleg fotballag.

Som redaktør i NRK er det likevel ikkje heilt fritt for at har delte kjensler. NRK har senderettane for 1. divisjon til våren. Mange av kampane blir sende på NRK1 – og alle kampane blir mest truleg overført med levande bilete over nettet. Kollegaen min i Østfold er faktisk bekymra over at Fredrikstad skal hamna i skuggelandet når NRK rullar ut si satsing i 1. divisjon.

Så om Fredriksen får rett, og det er slutt på heislivet for Aalesund, så gjer ikkje det så mykje. Fotball blant dei nest beste er bra det og, så lenge Sogndal har noko anna enn sjuandeplassar å kjempa om. Men jammen hadde det vore stas med eit nytt kapittel i soga golden moments for Sogndal Fotball. Det hadde ikkje minst Håvard Flo fortent!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/04/kamp-for-historieb%c3%b8kene/feed/ 2
Stille digital revolusjon http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/29/stille-digital-revolusjon/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/29/stille-digital-revolusjon/#respond Wed, 29 Oct 2008 07:54:31 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/stille-digital-revolusjon.html Les videre ]]> Sogn og Fjordane er snart heildigitalisert på TV. 4. november gir dei analoge TV-sendarane sitt siste andedrag. Fylket som i følgje Einar Førde ikkje hadde bruk for spelefilmane å NRK2 pga eit rikt indre sjelsliv, har no full pakke med kanalar.

Midt oppe i dette har det gått føre seg ein stille digital revolusjon på radio. DAB (Digital Audio Broadcasting) Det gamle FM-nettet hanglar, og NRK og P4 byggjer ut DAB i lag rundt om i heile landet. Når utbygginga er god nok skal det gamle nettet slåast av – om 6-7 år.

Men dette får vi vel ikkje her, tenkjer sikkert du. Jaudå: Dekningskartet til DAB viser at store deler av fylket kan ta inn desse signala. Sjølv fekk eg min første DAB-radio i går. Den har god lyd – heilt utan støy. Og best av alt, i heil røys av kanalar, i tillegg til NRK Sogn og Fjordane: Ta for eksempel NRK Gull, som sender 24 timar i døgeret. Gamle gode programpostar frå NRK sitt rikhaldige radioarkiv – den gyldne radioalderen rett og slett!

Nesten litt ironisk det heile. Moderne digital teknologi opnar døra inn til det gamle!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/29/stille-digital-revolusjon/feed/ 0