NRK P1 – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Meir trekkspel i NRK P1? http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/18/meir-trekkspel-i-nrk-p1/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/18/meir-trekkspel-i-nrk-p1/#comments Tue, 18 Nov 2008 13:13:29 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/11/meir-trekkspel-i-nrk-p1.html Les videre ]]> Den siste veka har eg fått tre telefonar og ein lang epost om at det blir spelt for lite trekkspel i NRK P1. NRK Sogn og Fjordane må vel ha vit til å spela noko meir enn Janne Ahonens smil med Åge Aleksandersen, sa ein kar frå Nordfjord før han la på røyret.

Sverre Aase frå Vik formulerer seg slik: ”Eg trur eg må vere ein av dei mest trufaste radiolyttarane til NRK P1. Radioen står på heile dagen, for eg likar å høyra på lokalsendingane og det er mange fine program på P1. Men no må eg snart byta kanal, for den einsformige musikken dei spelar har begynt å gå meg nervane laust.

Aase prøvde å skru seg inn på NRK Hordaland men fann nesten same musikken der. 80 prosent av all musikken som blir spelt i NRK P1 blir nemleg plukka av ekspertar i Trondheim. Dei går vitskapleg til verks, brukar breidt samansette smakspanel med mentometerknappar, og om natta blir popsongane spela over på datalinjer – klar til å bli kringkasta i dei regionale radiosendingane på P1.

Det er altså slutt på tida der programleiarane kunne gå i platearkivet og henta fram russiske julesongar, og bra er det. Undersøkingar viser at det er den såkalla programleiarmusikken som skårar dårlegast blant publikum. Ein enkelt person er rett og slett ikkje i stand til å finna ut kva musikk som fengar dei store massane.

I NRK Sogn og Fjordane står vi difor att med å plukka lokalmusikken som skal vera 20 prosent av all musikk vi spelar. Her kan vi sjølvsagt leggja inn meir trekkspel, men eg er usikker. Har ikkje Sjetraddane og Hyllestad og Lavik Trekkspelklubb fått nok sendetid? Eg berre spør! Er det for mykje eller for lite trekkspelmusikk i lokalradioen – NRK Sogn og Fjordane!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/18/meir-trekkspel-i-nrk-p1/feed/ 39