lokalaviser – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Tving på dei nynorsken! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/#comments Fri, 23 Jan 2009 13:53:20 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/tving-pa-dei-nynorsken.html Les videre ]]> Alle artiklar publisert på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider skal vera på nynorsk. Då vi laga språkreglar for distriktskontoret i fjor var dette oppe til diskusjon – eit mindretal av journalistane meiner mellom anna at journalistane fritt må få velja målform når dei skriv.

I NRK Sogn og Fjordane diskriminerer vi bokmålet, men meiner vi har rett til å gjera dette fordi nynorsken er eit minoritetsspråk under press. På mange måtar følgjer vi ein tradisjon som er godt fasttømra av laussalspressa i Oslo der det er utenkjeleg å sleppa nynorsken til i spaltene

Kva skal så til for at vi i NRK Sogn og Fjordane skal endra denne språkpolitikken?

Dersom styremaktene tek opp hansken frå Tor Fuglevik kan det henda vi må ta dette opp til vurdering. Fuglevik er direktør for det internasjonale medieselskapet MTG, har ei fortid som assisterande kringkastingssjef og er no medlem av Språkrådet. I ein kronikk i Dagens Næringsliv går bokmålsbrukaren til rette med ei langvarig og systematisk nynorskdiskriminering i dei største mediehusa i landet. Han peikar på at avisene i tillegg til ordinær pressestøtte har indirekte støtte gjennom fritak for moms. VG og Aftenposten (Schibsted) kan kassera inn til saman 140 millionar kroner kvart bidige år fordi styremaktene ynskjer å stimulera til sal av aviser. (Se og Hør som kjem ut to gonger i veka får ikkje slikt fritak)

Men det er ikkje noko krav om at begge målformene skal vera representert i desse avisene, trass i at denne spesialordninga gir dei store inntekter. Ein av aviseigarane peikar rett nok på at det er kjøparen av avisa som slepp å betala moms, men utan moms kan utgjevar skru opp prisen – og vidare auka innteninga.

Om nokre veker skal Stortinget handsama språkmeldinga ”Mål og meining”. Tor Fuglevik meiner politikarane på same tid bør diskutera ei lovendring som tvingar momsfritekne aviser til å bruka begge målformer. Forslaget er godt og det kjem til rett tid. Avisredaktørane kjem sjølvsagt til gneldra unisont og høgt når dette kjem på høyring, men det skal politikarane ta heilt med ro. Trugsmål om bortfall av 25 prosent av inntektene vil raskt føra til ro i rekkene. Difor er det all grunn til å tvinga på dei nynorsken!

Etter ei stund vil dei heilt sikkert vedgå at dei også har fått eit betre produkt.

PS! Mediehusa har mange måtar å skaffa inntekter på. Blant anna må vi betala abonnementet på avisene vi bestiller i januar. Ei avis med 15.000 abonnentar a 2.000 kroner får altså 30 millionar kr. på konto i januar. (dersom alle er heilårsabonnentar) Med 5 prosent rente blir dette 1.5 millionar kroner i forteneste før dei har produsert noko som helst. Pen ekstragevinst det og!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/feed/ 18
Endeleg fekk eg svaret! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/24/endeleg-fekk-eg-svaret/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/24/endeleg-fekk-eg-svaret/#comments Mon, 24 Nov 2008 10:48:49 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/11/endeleg-fekk-eg-svaret.html Les videre ]]> Over heile førstesida, i den største avisa landet kan oppdriva, fekk vi svaret vi har venta på i 24 år: Kvifor i all verdas rike gjekk Anita Skorgan i frå Jahn Teigen? Korleis kunne ho finna på det? Ein slik sjarmerande kar, som attpåtil er rasande flink til å syngja?

Bak ei slik førsteside ligg det mykje hardt arbeid. Sidan dette er henta frå ei bok lyt ein lesa boka. Og før ein gjer det lyt ein syta for å få tak i boka:

”Hei, det er frå VG her! Vi kan gjerne tenkja oss å slå stort opp denne boka om Jahn Teigen, men då må vi ha det ekslusivt. Flott viss de kan leggja ein gul lapp ved kapittelet som handlar om skilsmissen så slepp vi lesa heile boka. Travelt å vera journalist, skjønnar de, spesielt i landets største avis! He, he, he!”

Med ei slik toppsak er helga berga. På resten av førstesida er det berre å fylla på med kollosalt viktige saker. Komiker Jonas Gardell voldtatt av mann. (sikkert 24 år sidan det og) Gørild Maurseth sitt naken bilde publisert på pornonettsted. Og til slutt: Sex-leken endte i drap!

Her har sjølvsagt lokalavisene i Sogn og Fjordane mykje å læra! Kritisk journalistikk og meldingar frå lokalsamfunnet må leggjast vekk til fordel for tjue år gamle skilsmål, og folk som skryt av at dei har vore oppe i senga til Kjell Inge Røkke!
Jaudå for kvar dag som går blir eg tryggare og tryggare på at lokalaviser med substans og innhald som du ikkje finn andre stader er eit villspor! 24 år gamle skilsmål er det folket folket vil ha!

Eller?

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/24/endeleg-fekk-eg-svaret/feed/ 4