Høyanger – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Legg ned sosialen! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/09/legg-ned-sosialen/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/09/legg-ned-sosialen/#comments Fri, 09 Jan 2009 08:37:32 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/legg-ned-sosialen.html Les videre ]]> Eg tykkjer synd i dei som jobbar på Fundo. Desemberløna er enno ikkje på konto og i går kom meldinga om at det ikkje blir nokon lønsslipp denne veka heller. Mange av dei trufaste slitarane ved høgteknologibedrifta i Høyanger må gå den tunge vegen til ”sosialen” for få pengar til straum og mat!

Ein av leiarane i NAV sa i Fylkesnytt i dag tidleg at det er forbunde med skam å gå den tunge vegen til sosialen. Slik bør det ikkje vera. Arbeidarane ved Fundo er heilt utan ansvar for den ulukkeleg situasjonen dei har hamna i, og treng ikkje stigmatisering frå storsamfunnet som ny stein i ei alt for tung bør.

Akutt likviditetskrise kallar dei det når ei bedrift får problem med å betala rekningane på grunn av vanskelege tider. Når den same bedrifta har problem med å betala løn til dei tilsette får vi høyra at dei må gå på sosialen!

Og det er akkurat dette eg har tenkt å ta opp med styresmaktene i denne spalta mi: Omgrepet ”å gå på sosialen” må leggjast vekk ein gong for alle. Dei 200 fundotilsette er heltar som treng klapp på skuldra og oppmuntring – ikkje eit fattigkassestempel i panna i frå eit statleg byråkrati. Dei bør inviterast inn i varmen med forsikring om at det er eit offentleg apparat i beredskap, klar til å hjelpa, med omtanke og opa lommebok.

Ingen veit kven som blir den neste som treng rask pengehjelp frå felleskassa vår. Vi har pengane, vi må berre gi dei frå oss på ein skikkeleg måte. Difor må utrykket gå på sosialen leggjast vekk. Politikarane frå fylket bør ta ballen snarast mogeleg. Vi andre kan senda varme tankar til alle dei som slit med å få endane til møtast – i Høyanger og i landet elles!

NB! Skal ikkje senda brev til Sylfest Lomheim om dette, men er det gode alternativ til uttrykket gå på sosialen?

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/09/legg-ned-sosialen/feed/ 1