dialekt – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Og vinnaren er… http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/#comments Wed, 17 Dec 2008 11:03:06 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/og-vinnaren-er.html Les videre ]]> Kanskje litt intern, men likevel ikkje: NRK Sogn og Fjordane har i 2008 jobba for å betra språket vårt – spesielt på nettet. Radiojournalistar som er flinke til å snakka, er ikkje alltid like gode skribentar. Difor har vi i år delt ut språkpris som vart delt ut laurdag kveld.

Vinnaren kvitterte med ein lang og knakande god takketale som vi dessverre ikkje har skriftleg, men grunngjeving til juryen og kven som vann finn du her. Eventuelle gratulantar kan skriva kommentarar. Ueinig i tildelinga? Skriv då og!

Arve Uglum er vinnaren av NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2008. Med godt språk, humor og forteljarglede, leverer sogningen flotte språkblomar til fylket kvar einaste veke.

For NRK er Arve ein god mal for språkbruk både i lokal – og riksflatene. På sin stilsikre måte framfører han bodskapen på klingande sognamaol – også når han rapporterer frå VM i alpint på NRK1.

Frå det siste året hugsar vi godt dei mange kommentarane om Sogndal Fotball, men også den leikande TV-reportasjen frå fotballkampen på Veitastrond. Litt lenger tilbake hugsar me Grautmål, dialektordserien på radio som ufarleggjorde ordet grautmål, og som vart ei merkevare for NRK Sogn og Fjordane.

Arve Uglum jobbar medvite med å finna kreative og nyskapande formuleringar i tekstane sine. Dette arbeidet løftar han forbi den grå massen av lettvint journalistikk og gjer han til ein akta samfunnsperson i sin region.

Godt språk er det viktigaste instrumentet til ein journalist. Arve Uglum brukar verktøyet sitt godt både skriftleg og munnleg. Han er difor ein verdig vinnar av NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2008.
(I juryen: Olga Wergeland, språkkontakt Noralv Pedersen og underteikna)

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/feed/ 8