Bokverk – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Sterk kost frå Arnestad! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/16/sterk-kost-fra-arnestad/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/16/sterk-kost-fra-arnestad/#comments Tue, 16 Dec 2008 07:51:47 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/sterk-kost-fra-arnestad.html Les videre ]]> Er det mogeleg å stå fram som seriøs forskingsleiar på Høgskulen i Sogn og Fjordane sine vegner, når ein gjer sitt beste for å undergrava sin eigen integritet som spaltist i lokalavisa? Spørsmålet er naturleg å stilla etter å lese Georg Arnestad sitt Innhogg i Sogn Avis laurdag.

Denne gongen nyttar forskaren spalta si til å fullrosa boka ”Frå skuletun til campus” – soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane. Arnestad skriv mellom anna: ”På ein glimrande måte skildrar soga også forholdet mellom lokalsamfunn, region og høgskule…” . Bokprosjektet blir omtalt som ”…den ferske og framifrå boka”.

Georg Arnestad har vore sekretær for styringsgruppa som har arbeidd med soga om høgskulen i fylket, boka han altså rosar opp i skyene i spalta si. I føreordet er han ein av to personar som blir takka særskilt for innsatsen. Forfattar Gunnar Yttri skriv mellom anna at Arnestad har komme med kritiske og reflekterte kommentarar under arbeidet med boka.

Vi står altså i ein situasjon der ein av dei mest sentrale personane bak eit bokprosjekt brukar store superlativ om den same boka i si eiga avisspalte. Dette er uvanleg og sterk kost. Dei langt fleste ville halde seg lagt unna å skriva noko som helst om eit bokprosjekt ein har delteke aktivt i.

For forfattar Gunnar Yttri må det vera tungt å oppleva at sentrale personar i prosjektet dreg det ned i søla på denne måten. Arnestad har heilt rett i at dette er ei framifrå bok, men bør halda seg for god til å seia noko om det offentleg.

At spaltisten karakteriserer innslaget som NRK Sogn og Fjordane laga om boka som improvisert og tåpeleg toler vi godt. Men er det truverdig når det er forfattaren si høgrehand i bokprosjektet som skriv det? Neppe!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/16/sterk-kost-fra-arnestad/feed/ 6