Kamp for historiebøkene?

Det er slutt på heislivet trur spelarane på Aalesund. Ikkje minst Trond Fredriksen som skåra på eit langskot i den viktige kampen mot Lillestrøm sikker på det.

Men eg trur onsdag 12. november, på ein stadion oppkalla etter danskebåten, vil vera ein perfekt exit for Håvard Flo! Ein regnfull haustkveld, med kunstig gras og flaumljos – og ein Kjetil Rekdal med hangande hovud ! I sentrum for alle kameralinser, stryningen som nikka inn det avgjerande målet nokre minuttar før slutt: Akkurat no vil han ikkje avvisa at det kan gå mot ein sesong til, seier han til fjernsynsteamet frå NRK. Og journalistane nikkar smilande og forventningsfulle – slik dei berre har lov til å gjera på ein sportsarena!

Denne filmen vil eg sjå! Eg har nemleg sett einaren og den var rasande god: I 2000, då Vålerenga etter 0-0 i første kampen på Fosshaugane reiste heim til Oslo, bombesikre på at fornya tillit var sikra. Kampen på Ullevaal nokre dagar seinare var alle kvalifiseringskampars mor! Ein kamp for historiebøkene og magiske minuttar for alle som var til stades!

Så lyt eg sjølvsagt vedgå at eg ikkje har inngåande kunnskap til fotballfaglege ting. Og det er heilt sikkert rett at det nest dårlegaste laget i vår gjevaste fotballiga skal vera betre enn fjerdeplassen hjå dei nest beste. Men fotball er heller ikkje denne gongen rein matematikk. Sogndal har i haust vore det beste laget i 1. divisjon – best har dei vore mot gode motstandarar som i cup-kampen mot Stabæk.

Og Sogndal spelar med lite press. Leiinga har lagt vekk forventningsfulle flosklar som jubelsesongen og fokuserer heller på å byggja eit best mogeleg fotballag.

Som redaktør i NRK er det likevel ikkje heilt fritt for at har delte kjensler. NRK har senderettane for 1. divisjon til våren. Mange av kampane blir sende på NRK1 – og alle kampane blir mest truleg overført med levande bilete over nettet. Kollegaen min i Østfold er faktisk bekymra over at Fredrikstad skal hamna i skuggelandet når NRK rullar ut si satsing i 1. divisjon.

Så om Fredriksen får rett, og det er slutt på heislivet for Aalesund, så gjer ikkje det så mykje. Fotball blant dei nest beste er bra det og, så lenge Sogndal har noko anna enn sjuandeplassar å kjempa om. Men jammen hadde det vore stas med eit nytt kapittel i soga golden moments for Sogndal Fotball. Det hadde ikkje minst Håvard Flo fortent!

Publisert i Sport | Merket med , , | 2 kommentarer

Stille digital revolusjon

Sogn og Fjordane er snart heildigitalisert på TV. 4. november gir dei analoge TV-sendarane sitt siste andedrag. Fylket som i følgje Einar Førde ikkje hadde bruk for spelefilmane å NRK2 pga eit rikt indre sjelsliv, har no full pakke med kanalar.

Les videre

Publisert i media, Ukategorisert | Merket med , , , , , , | Skriv en kommentar

Tøffe nettdebattar

Har du vore utsett for tøff omtale på nettet, frå anonyme personar, eller kanskje personar som gir seg ut for å vera ein annan enn dei er?

Vårt nye medium byr på mange utfordringar. Norsk Journalistlag (NJ) vil ha førehandsgodkjenning av alle debattinnlegg på nettet. Men er det løysinga?

Les videre

Publisert i media | Merket med , , , , | 21 kommentarer