Sogn og Fjordane i digital bakevje?

I dag høyrte eg miljøvernsminister Erik Solheim i ein radioreportasje om det sosiale nettsamfunnet Twitter. Han fekk spørsmålet veit du kva Twitter er?

”Hakke peiling” var svaret.

Twitter er eit lynraskt sosialt nettverk som også fungerer godt til å senda ut nyheiter. Twitter var først med nyheiter frå Mombai, dei var først med å fortelja at forfattaren Anne-Cath Vestly var død, og nettverket var eit viktig våpen for Barrack Obama då han vann valet i USA for nokre veker sidan.

Men det er altså få norske politikarar der ute i fuglekvitteret, og ein kjapp gjennomgang i dag viser at det truleg står endå verre til i Sogn og Fjordane enn elles i landet. Nokre få journalistar følgjer med, elles nesten null.

Ikkje så nøye?

Vel. Dei som styrer fylket vårt har ingen hemningar når dei brukar ordet framtidsfylket når dei skal reklamera for Sogn og Fjordane. Norge.no og eit direktorat som har ansvar for staten sin IKT-politikk held hus på Hermansverk. Eit fylke som tek mål av seg til å få ungdommen heim bør rett og slett vera først med det siste!

Og det er lite som tyder på at dette er ein hype som går over. Facebook har 1.3 millionar medlemmer i Norge. Gjennomsnitts brukstid når folk loggar seg på er 20 minuttar. Når servarane til Facebook er nede er det jubel hjå VG-nett, trafikken går dramatisk opp.

Vi får difor håpa at sentrale utviklingsmiljø i fylket har planar i skuffa for korleis dei skal forholda seg til dei nye møteplassane. Viss dei ikkje har det bør det vera eit sentralt mål i det nye året. Noreg.no og minside.no må til dømes vera svært synlege og også kommunisera via slike arenaer.

I NRK har vi styrt med slikt ei god stund. For eit par år sidan heldt eg føredrag om dette i Florø – for ei statleg leiargruppe med fylkesmann Oddvar Flæte i spissen. Eg fortalt at NRK har kjøpt si eiga øy i den virtuelle verda Second Life. Det var ikkje mange som hadde sansen. Spesielt ikkje administrerande direktør i Hels Førde, Jon Bolstad. Trur dette var midt i ein serie av det han hevda var irrelevante oppslag frå sjukehusstellet i fylket.

”Det hadde vore flott om NRK hadde flytta ut på denne øya og vorte verande. Hi, hi, hi!” Var den turrvittige kommentaren frå direktøren”

Og de behøver sjølvsagt ikkje reisa heilt til NRK si øy i Second Life!

De kan starta med å sjå kva eg driv med her: www.twitter.com/kaiaage

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane
Dette innlegget ble publisert i media, Samfunn og merket med , , . Bokmerk permalenken.

8 kommentarer til Sogn og Fjordane i digital bakevje?

  1. Sissel Loen sier:

    Jau detta var noko nytt – og eg som nettopp har lært meg å handtere facebook! Får ta meg eit kurs neste gong eg får vitjing av borna i heimen.

    Godt nyttår til Kai Aage

  2. Godt nyttår tilbake! Twitter er ein fin måte å følgja med på det som skjer innanfor ulike interessefelt! Nokre av lesarane på bloggen her har alt vorte twittarar!

  3. Svein Ølnes sier:

    Er nok redd at Framtidsfylket er i bakleksa her, ja. Men no skal me snart få til seminar om dette, og då skal du sjå det snur 🙂

    Men meir alvorleg: Sogn og Fjordane som i mange samanhengar har profilert seg som eit IT-fylke, har ein jobb å gjera her. Eg trur me er i ferd med å bli forbikøyrde på mange område etter kvart.

  4. Det kan vera lurt å få dette på dagsorden ja. Kanskje Vestlandsforsking (som Svein Ølnes jobbar i) kan ta på seg å setja dette i system? Vi må komma vekk frå infrastrukturtenkinga og få fylket inn på eit kreativt spor!

  5. Odd Frantzen sier:

    Eg er imponert. NRK Sogn og Fjordane er definitivt ikkje i noko digital bakevje. I det siste har det dukka opp små videoinnslag integrert i teksten på nettartiklane. Fantastisk bra! Dette kan me lika! Eit døme på dette er saka om brannen i Høyanger:

    http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6407246

  6. Hyggjeleg tilbakemelding Odd Frantzen! Den nye flashspelaren er flott og virkar!

  7. Svein Ølnes sier:

    NRK «rula», som yngre ville ha sagt det. Artig at NRK (både lokalt og sentralt) er så på offensiven på nettet. NRKbeta skaffar veldig mykje positiv omtale for tida og er knallbra.

    Elles heilt einig i kommentaren om infrastruktur, der me sjølve (VF) er tungt inne. Må slutta å masa om breiband no – det er innhaldet som er konge.

  8. Oddvar Flæte skriv forresten om EU som no prøver leggja til rette for neste generasjon nett:

    http://oddvarflaete.blogspot.com/2008/12/neste-generasjon-internett.html

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *