Og vinnaren er…

Kanskje litt intern, men likevel ikkje: NRK Sogn og Fjordane har i 2008 jobba for å betra språket vårt – spesielt på nettet. Radiojournalistar som er flinke til å snakka, er ikkje alltid like gode skribentar. Difor har vi i år delt ut språkpris som vart delt ut laurdag kveld.

Vinnaren kvitterte med ein lang og knakande god takketale som vi dessverre ikkje har skriftleg, men grunngjeving til juryen og kven som vann finn du her. Eventuelle gratulantar kan skriva kommentarar. Ueinig i tildelinga? Skriv då og!

Arve Uglum er vinnaren av NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2008. Med godt språk, humor og forteljarglede, leverer sogningen flotte språkblomar til fylket kvar einaste veke.

For NRK er Arve ein god mal for språkbruk både i lokal – og riksflatene. På sin stilsikre måte framfører han bodskapen på klingande sognamaol – også når han rapporterer frå VM i alpint på NRK1.

Frå det siste året hugsar vi godt dei mange kommentarane om Sogndal Fotball, men også den leikande TV-reportasjen frå fotballkampen på Veitastrond. Litt lenger tilbake hugsar me Grautmål, dialektordserien på radio som ufarleggjorde ordet grautmål, og som vart ei merkevare for NRK Sogn og Fjordane.

Arve Uglum jobbar medvite med å finna kreative og nyskapande formuleringar i tekstane sine. Dette arbeidet løftar han forbi den grå massen av lettvint journalistikk og gjer han til ein akta samfunnsperson i sin region.

Godt språk er det viktigaste instrumentet til ein journalist. Arve Uglum brukar verktøyet sitt godt både skriftleg og munnleg. Han er difor ein verdig vinnar av NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2008.
(I juryen: Olga Wergeland, språkkontakt Noralv Pedersen og underteikna)

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane
Dette innlegget ble publisert i media, Samfunn, Språk og merket med , , , , . Bokmerk permalenken.

8 kommentarer til Og vinnaren er…

  1. Georg Arnestad sier:

    Gratulerer så mykje Arve. Ein velfortent pris!!

  2. Svend Arne Vee sier:

    Gratulerer til Arve, den fortente du! Og gratulerer til Kai Aage og NRK Sogn og Fjordane, som har klart å behalde karen i falden.

    Du skal sjå at om ein fem, ti år så klarar nok gjengen på Marienlyst å få rett byline på stoffet til Arve Uglum når det går på Dagsrevyen eller i sporten. Der heiter han framleis Arve Fuglum.

  3. Atle Hamar sier:

    Vel fortent Arve. Gode kommentarar og solid musikksmak har du. Vidare ein av dei ypperste Led Zeppelin-kjennarane i fjordfylket. Stå på!

  4. Lars sier:

    Go Arve, go Arve, go Arve.

  5. Bjørn Erik Pedersen sier:

    Gratulerer og vel fortent, Arve. Du har teke 30-milssteg sidan eg såg bylina di første gongen.

    Eg er spesielt imponert over at du greier å halde på dialekta sopass godt i dei nasjonale sendingane.

  6. Hallstein Dvergsdal sier:

    Gratulerer med prisen. Språk er viktig!

  7. Sissel Loen sier:

    Gratulerer til Arve Uglum. Ein velfortent pris til eit godt føredøme. Jobb vidare med språket på nettsidene NRK Sogn og Fjordane og godt nytt år.

  8. Viss Arve er ein av dei ypperste Led Zeppelin-kjennarane i fjordfylket, Atle Hamar? Kven er den ypperste?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *