Sterk kost frå Arnestad!

Er det mogeleg å stå fram som seriøs forskingsleiar på Høgskulen i Sogn og Fjordane sine vegner, når ein gjer sitt beste for å undergrava sin eigen integritet som spaltist i lokalavisa? Spørsmålet er naturleg å stilla etter å lese Georg Arnestad sitt Innhogg i Sogn Avis laurdag.

Denne gongen nyttar forskaren spalta si til å fullrosa boka ”Frå skuletun til campus” – soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane. Arnestad skriv mellom anna: ”På ein glimrande måte skildrar soga også forholdet mellom lokalsamfunn, region og høgskule…” . Bokprosjektet blir omtalt som ”…den ferske og framifrå boka”.

Georg Arnestad har vore sekretær for styringsgruppa som har arbeidd med soga om høgskulen i fylket, boka han altså rosar opp i skyene i spalta si. I føreordet er han ein av to personar som blir takka særskilt for innsatsen. Forfattar Gunnar Yttri skriv mellom anna at Arnestad har komme med kritiske og reflekterte kommentarar under arbeidet med boka.

Vi står altså i ein situasjon der ein av dei mest sentrale personane bak eit bokprosjekt brukar store superlativ om den same boka i si eiga avisspalte. Dette er uvanleg og sterk kost. Dei langt fleste ville halde seg lagt unna å skriva noko som helst om eit bokprosjekt ein har delteke aktivt i.

For forfattar Gunnar Yttri må det vera tungt å oppleva at sentrale personar i prosjektet dreg det ned i søla på denne måten. Arnestad har heilt rett i at dette er ei framifrå bok, men bør halda seg for god til å seia noko om det offentleg.

At spaltisten karakteriserer innslaget som NRK Sogn og Fjordane laga om boka som improvisert og tåpeleg toler vi godt. Men er det truverdig når det er forfattaren si høgrehand i bokprosjektet som skriv det? Neppe!

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane
Dette innlegget ble publisert i Samfunn og merket med , , . Bokmerk permalenken.

6 kommentarer til Sterk kost frå Arnestad!

  1. Førdis sier:

    Seier vel litt om Sogn Avis også, som lar ein spaltist markedsføre ei bok han har delteke i, om eit prosjekt han har vore sentral i ??

    Elles kan ein søke rettleiing i desse orda, gjeve til adv Olav Hestens ein gong han var student; «Det er meget mulig at det finnes mye pent å si om Dem Hestenes, men for Guds skyld – la andre si det!»

  2. Pål Befring sier:

    Ja dette er berre trist synes eg. Og med Arnestad sitt utfall mot Anne Viken «denne Oslo dama» i debatten om tenketanke ,blir det kansje eit mønster. Er dette det beste forskinga på høgskulen kan kome med ? Håpar og trur ikkje det.

  3. Georg Arnestad sier:

    Om seriøsitet

    I Innhogget mitt i Sogn Avis sist laurdag om ”Mørkemaktene” skreiv eg, som rett er, at NRK Sogn og Fjordane i sitt improviserte og tåpelege innslag om den nyss utkomne HSF-soga, var mest opptekne av om det har vore mykje ”Piger, vin og sang” i Sogndal. Dette får fylkets mest pompøse og sjølvhøgtidelege redaktør, Kai Aage Pedersen, til å gå fullstendig av skaftet. I sitt innlegg i SA tysdag, som osar av dårleg samvit, fråkjenner han meg all ære og seriøsitet. Han om det.

    Av konsekvent sur kritikk veks det lite. Eg vonar derfor at NRK Sogn og Fjordane no set ein habil og dyktig historikar eller journalist til å lage eit perspektivtrikt program med grunnlag i nokre av dei viktige tema som HSF-soga ritar opp. For seriøse mediebedrifter er det her mykje meir enn ”Piger, vin og sang” å velje i. Ikkje sant, Kai Aage?

    Georg Arnestad

  4. Geirmund Henjum sier:

    «…fylkets mest pompøse og sjølvhøgtidelege redaktør, Kai Aage Pedersen…».
    Det er mangt slag ein kjem over av lesetoff no i førjulstida ! God jul til Georg Arnestad, den mest profilerte representanten for det einaste akademiamiljøet i Sogn og Fjordane. Høgskulen kan vere stolt over å bli assosiert med ein samfunnsdebattant av dette kaliberet.

  5. Odd Frantzen sier:

    hehe..køyr på gutar! Dette er kjekt å lese! Det er noko primitivt over dette..kamp mann mot mann. Ikkje som før i tida, med berre nevane, men verbal kamp. Morosamt!

  6. Lars sier:

    Morosamt. Og konsekvent sur kritikk. Sant, Georg?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *