Slekta til Martti Ahtisaari

Viss eg nokon gong får fredsprisen håpar eg at eg slepp den skjebnen Martti Ahtisaari har fått denne veka. Sidan han tok første steget ut av flyet på Gardermoen har han vorte rend ned av perifer slekt. Til og med Dagsrevyen henta fram ein tremenning frå Hvaler som Ahtisaari måtte klemma og kosa med medan NRK sin fotograf filma. Litt kjensler må lisensbetalarane få når vesle Oslo har alle verdas auge på seg desse desemberdagane i 2008!

I Romerikes Blad kan vi lesa at ”likheten mellom Georg Adolfsen og Martti Ahtisaari er slående.” I oppslaget sit Georg med eit kollosalt fotografi av fredsprisvinnaren i fanget – og alle ved sine fulle fem ser at dei to ikkje er det minste like.

I Aftenposten les vi at Ahtisaari er æresborgar av Namibia og at oldefaren er frå Tistedalen. Fredrikstad Blad har henta opp sin eigen tremenning av fredsprisvinnaren og Halden Arbeiderblad har sjølvsagt funne sin variant av Adolfsen-slekta frå dei djupe austlandsskogane.

Spesielt spennande journalistikk er det ikkje. Og det må vera stusseleg å vinna Nobels Fredspris og få ei mediedekning som på eit middels vestlandsk slektsstemne!

Tippar Martti Ahtisaari er glad for å komma seg heim i huset sitt i Finland, ta av seg smokingen, sparka av seg lakkskoa og blanda seg ein god dram!

”Vooi vito! Perkellee! Desse nordbaggarna er en spesiell gjeng!”

Og vi er ikkje heilt fri for denne provinstenkegangen her i fylket heller. Hugsar godt då Sogn Dagblad rydda heile førstesida for oppslaget: Bjørn Dæhlie har slekt i Brekke!

Eller kva med avisa Sogn og Fjordane sin journalist John Moberg som hadde vore på gratiscruise med Color Line til Newcastle? Den lokale vinkelen var tynn, men klinkande klar, over 10 spaltar:

”Og han som rører i grytene er frå Hermansverk!”

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane
Dette innlegget ble publisert i media, Samfunn og merket med , , . Bokmerk permalenken.

4 kommentarer til Slekta til Martti Ahtisaari

  1. Tore Larsen sier:

    «Max Manus skaut måse i Stryn.»

    Eg seier ikkje meir. He he he.

  2. Og her skal vi ikkje sjå vekk frå at Tore Larsen har eit godt poeng 🙂

  3. Tore Larsen sier:

    Jaja, sjølv om dette kanskje ikkje er den mest høgverdige journalistikken, skal me ikkje sjå vekk frå at det kan vere interessant lesestoff. Om det no hadde seg slik at Wenche Foss ferierte i Florø på 70-talet, skulle eg likt å høyre om det.

    Andre nyhende me truleg ikkje får lese i avisene i fylket er:

    • Angelina Jolie bestilte ein kopp kaffi og eit rekesmørbrød på Sogningen storsenter. «Ho sa det var det beste rekesmørbrødet ho hadde smakt», seier ein stolt Rolf Navarsete.
    • Tone Damli Aaberge stavar etternamnet sitt med dobbel a for å skilje seg frå den mindre kjende namnesystra Tone Damli Åberge.
    • «Det er mange som tek feil av meg og ho», seier Jenifer Ådnestøl frå Amla på Kaupanger i Indre Sogn om den meir kjende namnesystra Jenifer Aniston.
    • Olav Stedje bur i Bærum, men vaks opp i Sogndal
    • Sogndalsbandet Tusenfryd tok namnet sitt frå ein blome
    • Oscarstatuetten er laga av aluminium frå verket i Årdal
    • Tone Damli Aaberge, som ikkje må forvekslast med den mindre kjende namnesystra Tone Damli Åberge, vaks opp på Kjørnes i Sogndal, ein tettstad med eit par byggefelt, en barnehage og ein campingplass.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *