”How are you, din tyl?!”

”No er pandemien komen til landet. Synd du er vekke og ikkje jobbar i det heile!”

Det låg ein småfrekk handskriven lapp på skrivebordet mitt då eg kom att frå jobbreise i helga. Frekkasen som hadde skrive den er busett på Cape Cod, der store deler av Kennedy-familien har residensane sine. (dei som er att)

Pandemien han skriv om er henta frå bloggen min som han hadde lese nokre veker tidlegare – frå USA. No hadde han vore innom NRK sitt distriktskontor på Prestebøen i Førde med ein lapp. Innhaldet var ikkje så interessant, rett og slett ei konstatering av at eg min tulling kunne finna på å reisa vekk når han kom på uventa besøk! (vanleg og direkte måte å snakka på i Indre Sogn)

Første gong eg var i kontakt med denne sogna-amerikanaren var i 1995. NRK var tidleg ute med epost og eg måtte prøva. Få hadde datamaskin, endå færre hadde internett og endå færre såg nytten av å senda epost. Difor var epost-boksen min skalande tom i vekesvis!

Men så, den 4. april 1995, sa det pling. Eg hadde logga meg på nettet med eit modem større enn ei skoøskje og opp på skjermen kom det ein epost frå JPNautilus. Eg mått ta fleire rundar rundt i redaksjonen og fortelja om storhendinga. Dette var truleg blant dei første utanlandske epostane til NRK Sogn og Fjordane nokon gong! Telefaksen hadde fått ein konkurrent!

Bak JPNautilus skjuler systrendingen Arne Grepstad seg. I dag vel 13 år etter den første eposten, avslører ei ny teknlogisk nyvinning, Google, kvifor han har valt eit så spesielt namn:

The NAUTILUS MOTOR INN is a WATERVIEW MOTEL located in WOODS HOLE on CAPE COD near the MARTHA’S VINEYARD FERRY. The Nautilus is within walking distance of the village which includes BEACHES, WOODS HOLE OCEANOGRAPHIC INSTITUTION, MARINE BIOLOGICAL LABORATORY and many other attractions. Owner: Arne Grepstad

Eg konstaterer endå ein gong at verda blir mindre. Vi kan reisa så langt vi vil, men blir googla i løpet av få sekundar. Kommunisera gjer vi så lett som berre det på sosiale nettsamfunn og på chattetenester.

Og så lurer du kanskje kva Grepstad skreiv om i den første eposten i 1995?

Den var kort og grei, utforma på sognavis den og:

”How are you, din tyl?!”

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane
Dette innlegget ble publisert i media, Samfunn og merket med , , , . Bokmerk permalenken.

En kommentar til ”How are you, din tyl?!”

  1. Ronny sier:

    Dette var kjekt lesestoff på ein kald onsdagskveld!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *