Endeleg fekk eg svaret!

Over heile førstesida, i den største avisa landet kan oppdriva, fekk vi svaret vi har venta på i 24 år: Kvifor i all verdas rike gjekk Anita Skorgan i frå Jahn Teigen? Korleis kunne ho finna på det? Ein slik sjarmerande kar, som attpåtil er rasande flink til å syngja?

Bak ei slik førsteside ligg det mykje hardt arbeid. Sidan dette er henta frå ei bok lyt ein lesa boka. Og før ein gjer det lyt ein syta for å få tak i boka:

”Hei, det er frå VG her! Vi kan gjerne tenkja oss å slå stort opp denne boka om Jahn Teigen, men då må vi ha det ekslusivt. Flott viss de kan leggja ein gul lapp ved kapittelet som handlar om skilsmissen så slepp vi lesa heile boka. Travelt å vera journalist, skjønnar de, spesielt i landets største avis! He, he, he!”

Med ei slik toppsak er helga berga. På resten av førstesida er det berre å fylla på med kollosalt viktige saker. Komiker Jonas Gardell voldtatt av mann. (sikkert 24 år sidan det og) Gørild Maurseth sitt naken bilde publisert på pornonettsted. Og til slutt: Sex-leken endte i drap!

Her har sjølvsagt lokalavisene i Sogn og Fjordane mykje å læra! Kritisk journalistikk og meldingar frå lokalsamfunnet må leggjast vekk til fordel for tjue år gamle skilsmål, og folk som skryt av at dei har vore oppe i senga til Kjell Inge Røkke!
Jaudå for kvar dag som går blir eg tryggare og tryggare på at lokalaviser med substans og innhald som du ikkje finn andre stader er eit villspor! 24 år gamle skilsmål er det folket folket vil ha!

Eller?

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert og merket med , , . Bokmerk permalenken.

4 kommentarer til Endeleg fekk eg svaret!

  1. Ellen Indrebø sier:

    Godt sagt 🙂

  2. Odd Frantzen sier:

    Jepp, det er nok dette folk vil ha. Det ser ein jo på opplagstala. VG er vel den største avisa i landet? Aviser med utprega sans for det komersielle har me sans for! Aviser der opplagstal er det einaste dei styrer etter er vel toppers? Aviser der ein tar høge opplagstal som eit teikn på at dei leverer god kvalitet? Synes å ane komersielle tendensar blandt avisene her i fylket og. Ta Firda sitt påfunn Tema. For meg framstår det som ein utspekulert måte å få inn meir reklame i avisa på, reklame for produkt kobla opp mot det som er tema. Dei må ha vore stolte av seg sjølve dei som kom på dette. Opp med reklameinntektene! Det er mål nummer ein. Eg meiner Firda sitt Tema er i strid med Tekstreklameplakaten. Nei til for sterk komersiell tenking i avisene.

  3. Laban-Oppi-Åsa sier:

    Eg er kanskje litt annsleis enn det VG ville håpe på …. Når «alt» står på førstesida (det viktigaste?) Kva er då vitsen å kjøpe «resten».
    Lokalavisene er mykje beire..men her er og mykje svin på skogen. Saknar det oppsøkjande journalistikken (sjølv om han finns). «Har ikkje tid»…»deadline» – er det vi får til svar – dersom vi tipsar lokalavise om noko «ikkje-hastande».
    Når eldre lokalkundinge/kulturbærerar går bort – forvinn mykje av historikken (kulturhistoria) vår. Nei – då er ein 4.divisjons fotballkamp mykje viktigare … og det er viss det vi vil ha… eller?

  4. Sissel sier:

    Gode poenger her, Kai Aage! 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *