Tøffe nettdebattar

Har du vore utsett for tøff omtale på nettet, frå anonyme personar, eller kanskje personar som gir seg ut for å vera ein annan enn dei er?

Vårt nye medium byr på mange utfordringar. Norsk Journalistlag (NJ) vil ha førehandsgodkjenning av alle debattinnlegg på nettet. Men er det løysinga?

NRK Sogn og Fjordane sine nettsider har vi hatt veker med over 1.000 debattinnlegg, mange av dei korte utbrot mot siste innlegg, men også svært mange gode kommentarar med mykje god dokumentasjon.
Men stadig nye problemstillingar dukkar opp etter kvart som folk får innsikt og trening i vårt nye medium. For eksempel har det vorte vanleg å gå under falskt flagg: Kva gjer for eksempel redaktøren viss fylkesordførar Nils R. Sandal under fullt namn går til angrep på ein partikollega? Partikollegaen svarer med eit endå tøffare angrep på Sandal , begge innlegga sjølve skrivne av ein politisk motstandar.

I Sogn og Fjordane er dette ei høgst reell problemstilling. Eksempelet over har vi vore borti fleire gonger (men ikkje fylkesordføraren). Folk går i krigen enkelte gonger med fullt namn, andre gonger begge deler. Folk diskuterer gjerne med seg sjølve med fleire nick – og legg gjerne ut provokasjonar mot eigne meiningar for å få fyr i diskusjonen.

Korleis skal vi så handtera dette? Skal vi ringa Nils R. og sjekka at han skrive dette innlegget, eller skal vi la dette gå? Kva skjer når profesjonelle spinndoctors tek i bruk desse teknikkane for å styra samfunnsdebatten dit dei vil? Av og til debatt med fullt namn, nokre gonger i andre sitt namn!

Med redaktørplakaten og NRK sin merkevare er vi med å legitimera desse debattane. Vi gir debatten autoritet, og må syta for at denne er intakt også etter at folk har rasa frå seg i nettsamfunna våre.

Eg vil ikkje ha førhandsgodkjenning av nettdebatten slik NJ vil, men vil prøva å få NRK sentralt med på ei ordning der kvar enkelt må registrera seg med mobilnummeret sitt før dei legg ut ein kommentar. Fram til vi får det på plass skal NRK Sogn og Fjordane følgja nettdebatten med falkeauge.

Om Kai Aage Pedersen

Distriktsredaktør NRK Sogn og Fjordane
Dette innlegget ble publisert i media og merket med , , , , . Bokmerk permalenken.

21 kommentarer til Tøffe nettdebattar

  1. Eirik sier:

    Er det ikkje naivt å tru at det ikkje allere på nettet og særskild i diskusjonsfora er flust av spinndoktorar som er der for å påvirke til sitt eiget beste?

  2. Hei, og takk for innspel. Eg tykkjer det er stor forskjell på om desse folka får sleppa fritt til i diskusjonsfora som td. NRK. Vi stiller nesten opp som garantistar for at dette er skikkelege greier. Difor bør også det etiske nivået vera høgt.

  3. Steinarr sier:

    Bloggtips: merk innlegga med dato på framsida di, etterkvart er det kjekt å kunne sjå kva tid artiklane er skrivne.

  4. Steinarr sier:

    Eg var visst blind. Never mind!

  5. Freddy Brakestad sier:

    Nettdebatten er vel nettopp «uglesett» fordi det er så enkelt å gje seg ut for å vere noko eller nokon ein ikkje er. På samme tid som at ein skryt av nettdebatten for å vere frisk, konsis, på knivseggen og kontant, så oppstår problemet med at ein kan gøyme seg bak nick og anonymiserte namn for å sleppe unna represaliar for i overkant krasse tilbakemeldingar.

    Så spørsmålet blir då; skal NRK måtte ta ansvar for det som kjem fram i debattinnlegg på NRK.no, eller kan ein avskrive seg alt ansvar ved å påpeike nettopp dette?

    Eit alternativ er sjølvsagt at alle debattantar må verifisere identiteten sin – anten ved bruk av mobilnummer med tilsendt passord – eller andre former for «idiotsikre» løysingar. Dette tek vekk ein del av spontaniteten i debatten, sidan ein må igjennom ein prosess for å kunne legge til eit svar, men ein forhindrar i det minste at folk kan utgje seg for å vere nokon dei ikkje er. Eit debattinnlegg i trykte medium må jo verifiserast – og underteiknast med fullt namn. Kvifor skal det vere «enklare» å t.d ærekrenke folk på internett?

  6. Freddy Brakestad! Du har mange gode poeng. Eg har redaktøransvar for det som blir presentert på våre sider – også debattar. Lovverket opererer her min 24 timarsregel for å moderera uønskt innhald på nettet. I NRK sine kommentarfelt kan lesarane klikka på ei lenke dersom dei finn tvilsomme ting, så vil vi så raskt som mogeleg gjera ei vurdering av innhaldet. Mi prinsipielle haldning er at 24 timar er for lang tid og NRK Sogn og Fjordane er i dei fleste tilfelle på pletten lenge før det.
    Når det gjeld registrering med mobiltelefonnummer så viser det seg å vera ei god løysing. Drupal er eit mykje brukt system som tek vare på spontanitet, men set visse krav til registrering osb.
    Sjå elles diskusjon om dette på nrkbeta.no

  7. Anders Hopland sier:

    Origo (A-pressa si nettdebattside) er noko sikrare mot spontane anonyme innlegg.
    Det som ofte kjenneteiknar eit anonymt innlegg er at det er spissformulert, og gjerne angrep på ein enkelt person eller vedtak eller punkt i ein uttalelse.
    Registrering av mobilnummerer er ikkje godt nok for andre enn redaktøren. trur debattane vil bli betre om det navnet mobilen er registrert på kjem fram til alle.
    dersom ein ikkje kan skrive eit innlegg med fullt og ekte navn kan ein la vere..
    Med fullt navn vil nok mange tenkje seg om før dei skriv..
    Det må og vere ei sperre for kor mange identitetar ein kan ha på eit telfonnummer.
    Når politikarar og andre går ut i media er det gjennomtenkt. Det er ikkje for mykje forlangt at nettdebattantane skal vere like gjennomtenkte i synspunkta.

  8. Det viser seg at små reguleringar og kontroll gjer at nivået på debatten blir høg. Men mest av alt er det viktig at redaktørane har eit aktivt og bevisst forhold til desse nettdebattane. Så langt har vi i NRK Sogn og Fjordane lært at enkelte saker ikkje eignar for slike debattar. Andre gonger veit vi at det blir stor aktivitet og at vi må vera svært vakne. Men jamnt over er displinen god.

  9. Anders Hopland sier:

    Nrk har jo drive ein god del sensur på debattane..
    Det er iallfall ikkje positivt.
    Då er det betre å ha eit system som gjer at ingen kan vere anonyme.
    Sensuren bør kome i frå dei som skriv..

  10. Ellen Indrebø sier:

    Det hevdast at debatten vert friare om folk får anledning å vere anonyme, og at det derfor er bra for demokratiet. Men eg undrast på det, for debatantane kan operere under falskt navn, og ha «ureint mjøl» i posen, plante påstandar og idear anonymt (!?)
    Dessutan; etter mi oppfatning vil det det ikkje verte oppfatta som seriøs debatt om ein ikkje «kjenner» avsendar, og derfor vil mange debatantar halda seg vekke frå å delta, og det stør ikkje demokratiet.

  11. Odd Frantzen sier:

    Heilt enig med deg Ellen Indrebø. Eg meiner anonym debatt er negativt. Det er lite kjekt å ikkje vite kven ein debatterer med! Det er vel ikkje spesielt farleg å stå fram med meiningane sine i Norge i 2008?

  12. Jens Helgheim sier:

    Hei, ver så snill å ikkje gjer nettdebatten til ei håplaus innloggings side.. (Slik som origo er)

    Det er mykje mindre aktivitet på firda.no sine debattar enn NRK Sogn og Fjordane sine fordi det er så inni granskauen tungvindt å leggje ut eit inlegg hos origo.

    Då vil eg heller foreslå at ein registrerer seg med mobilnummer og får eit eige referansenr som kan brukast for å hoppe over eventuell innlogging. eks 8-10 siffer greier dei fleste å huske.

    eks. på felt som må fyllast ut
    Tittel
    Innhold
    Innlogging (ex. 1548400005) (gir direkte adgang utenom innlogging)

    Og feltet for å hindre automatiserte innlegg (som eg trur er meiningslaust) bør begrensast til kun å innehalde store bokstavar eller kun siffer.

  13. Vi må passa oss så ikkje vi gjer dørstokken for høg! Erfaringar viser at svært krevjande innloggingsprosedyrar gir dramatisk færre innlegg utan at «kvaliteten» på det som skrive blir betre. Det finst eit publiseringssystem som heiter Drupal som liknar det du omtalar Jens Helgheim. Kanskje det kan vera ei løysing NRK kan gå for. Kva tykjer de om krav til registrering på denne bloggen?

  14. Atle Hamar sier:

    Samd med Ellen Indrebø og Odd Frantzen. Vi bør setje den standarden på nettdebattar at folk skal stå for det dei skriv.

  15. Jan-Erik Kvåle sier:

    Eg er ikkje samd i at nettdebattantar for ein kvar pris må underteikne med fullt namn. Men mobilregistrering kan ha noko føre seg. Det vert ikkje debatt av brukaruvennlege innloggingar, som Jens Helgheim er inne på.

    Det er eit faktum at NRK Førde sine nettdebattar er aktive og virile, medan det i Firda og Sogn Avis omtrent ikkje eksisterer nyheitsdedebatt. Dei andre avisene kjenner eg ikkje, men felles for F og SA er jo deira Origo-tilknyting, dvs. at nyheitskommenteringa er knytt opp til Origo.

    Origo er eit glimrande nettsamfunn, men som arena for debattering av nyheitssaker floppar Origo glatt og elegant. I Firda er kommentarane stort sett frå gjengangarar (der vi veit om lag kva som kjem).

    I Sogn Avis skjer det endå mindre. Ingen debatt.

    Sjå til dømes på denne viktige saka i Pedersen si heimbygd Sogndal: Det har vore kjent ei tid at turboinvestor Ola Mæle har planar om å byggje eit milliardkjøpesenter i Nedrehagen. Her var det knytt stor spaning til om kommunestyret ville godta Mæle sitt krav om gratisparkering – i strid med gjeldande parkeringsordningar i Sogndal.

    Les du Sogn Avis og Firda sine saker om dette avgjerande møtet i Sogndal kommunestyre, vil du sjå èin kommentar – frå same person.

    NRK sin nettstad har det derimot vore meir liv. Sjølvsagt ein del neandertalkommentarar, men desse vil alle oppegåande menneske berre registrere som bos. Mange av kommentarane er innlegg i ein debatt.

    Eg er ikkje i tvil om at tungvinte prosedyrer i samband med kommentering av nyheitssaker er årsaka til at det er tilnærma daudt i Origo-avisene Firda og Sogn Avis, medan det her på nrk.no ofte vert meir råkkenråll.

    For debatten sin del bør nrk-folka i Førde berre halde fram med å passe på nettdebattane – og ta vekk det verste boset.

  16. Atle Hamar og Jan-Erik Kvåle! De representerer eigentleg to retningar i denne diskusjonen. Atle Hamar som erfaren politikar og samfunnsdebatant og Jan-Erik Kvåle som fersk og lovande skribent, og kanskje også representant for ein meir nytenkande generasjon. Dette er eit klassisk skilje. Dei erfarne vil ha status quo med fullt namn og registrering, dei yngre ser ikkje problemet. (viss ikkje NRK tek inn desse innlegga så publiserer vi dette ein annan stad)
    I mediakrinsar er det faktisk redaktørane som er mest opne for forsiktig eller ingen moderering, medan journalistlaget har ei restriktiv haldning til debatten i vårt nye medium. Sjølv er eg litt av alt (trur eg:-). Litt marknadsorientert redaktør som må tenkja nytt, ansvarleg redaktør som skal syta for at dette går rett for seg, og samtidig journalist som skreiv dei første artiklane med skrivemaskin. I sum vil eg i alle fall seia at debattane på nrk.no/sfj er av det gode. Streng registrering med krav om fullt namn vil truleg stoppa mykje av denne debatten. Då står vi att med dei som er trygge i det offentlege og det er slett ikkje mange!
    Mobiltelefonregistrering er kanskje den beste løysinga. Då veit NRK kven som skriv, men det blir likevel mogeleg å stå fram anonymt.

  17. Atle Hamar sier:

    Eg seier meg samd i dei som meiner at debatten på NRK sin nettstad er betre, meir sakleg, og mindre personangripande. Det eg reagerer mest på i mange nettdebattar er usaklege personangrep og karakeristikkar som går langt over streken. Mobilregistrering kan vere eit verkemiddel som ikkje stoggar debatten, men som stoggar «boset».

  18. Odd Frantzen sier:

    Eg er redd redaktøren lar komersielle hensyn vege tungt når han ikkje ønskjer å moderere debattane. Det ligg kroner i kvart klikk. Dess heftigare debatten går, dess fleire reklamekroner. Så får det heller våge seg kva ein tjener pengar på. Det viktigaste er AT ein tjener pengar. Ta firda.no. Den er full av reklame og lettvindte overfladiske nyhendesaker. Me treng ikkje firda.no. Eller fjordaglimt.no for den del. Påfunnet er komersielt begrunna. For å lokke folk til aktivitet på nettet, slik at nokon kan tjene reklamekroner. Kvifor brukar ikkje avisa ressursane på å lage grundigare og meir gjennomarbeidde saker i papiravisa? Dette komersielle jaget etter reklamepengar på nettet har for lenge sidan fått fokuset vekk frå kvalitet.

  19. Ellen Indrebø sier:

    Eg skjønar ikkje at det skulle vere argument om at det er tungvindt å logge inn. Eg er brukar av Origo-nettdebatt, og finn den like enkel som til dømes nettbank og andre innloggingar.
    I debatten her på nrk i haust, så vart «bosset» frå anonyme så støyande og tydeleg at det ikkje appelerte å delta. Eg siktar her til spesielle saker som også redaktøren måtte gripe inn i, om eg hugsar det rett. Eg opplever at andre med meg rista oppgitt på hovudet, og «surfa» på debatt andre meir serøse stader på nettet….
    Også på Origo har det i haust strømma inn meir brukarar, og tonen og sjargongen vart «forverra», med mykje antydning til både rasisme, utskjelling og anna tomprat (det finnes anonymitets-mogelegheiter der ogso).
    Eg ønskjer å slå eit slag for at ikkje «pengesekken» skal legge føring for utvikling av nett-sider, men at talerør som dette vert brukte som demokratisk verkemiddel for folk flest. Feite overskrifter og friske fraspark er langt frå kriterier for demokrat, utskjelling og spydigheiter er ikkje debatt, og eg skjønar heller ikkje heilt behovet for anonymitet.
    – Godt år –

  20. Ellen Indrebø sier:

    Anonyme innlegg får ofte feil verknad. Dei stør ikkje opp om demokrati, men vert vulger sjikane. Sjå 68 komentarar på saka om «Avstemming avlyst grunna kupp», der omtrent 60 av 68 komentarar er usaklege gjentakingar av anonyme med vikarierande motiv.

    Det vert vanskeleg å sjå at sakleg debatt føregår eller vert høyrt i slikt forum.

  21. Odd Frantzen sier:

    Jepp, eit godt døme på ein dårleg debatt. Svært usakleg mykje av det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *