Kommentarer til: Tøffe nettdebattar http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/ Bare enda et NRK-blogger-nettsted Sat, 05 Mar 2011 14:23:47 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: Odd Frantzen http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/#comment-22 Sun, 04 Jan 2009 11:49:49 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/t%c3%b8ffe-nettdebattar.html#comment-22 Jepp, eit godt døme på ein dårleg debatt. Svært usakleg mykje av det.

]]>
Av: Ellen Indrebø http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/#comment-21 Sun, 04 Jan 2009 10:10:17 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/t%c3%b8ffe-nettdebattar.html#comment-21 Anonyme innlegg får ofte feil verknad. Dei stør ikkje opp om demokrati, men vert vulger sjikane. Sjå 68 komentarar på saka om «Avstemming avlyst grunna kupp», der omtrent 60 av 68 komentarar er usaklege gjentakingar av anonyme med vikarierande motiv.

Det vert vanskeleg å sjå at sakleg debatt føregår eller vert høyrt i slikt forum.

]]>
Av: Ellen Indrebø http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/#comment-20 Sat, 03 Jan 2009 14:55:12 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/t%c3%b8ffe-nettdebattar.html#comment-20 Eg skjønar ikkje at det skulle vere argument om at det er tungvindt å logge inn. Eg er brukar av Origo-nettdebatt, og finn den like enkel som til dømes nettbank og andre innloggingar.
I debatten her på nrk i haust, så vart «bosset» frå anonyme så støyande og tydeleg at det ikkje appelerte å delta. Eg siktar her til spesielle saker som også redaktøren måtte gripe inn i, om eg hugsar det rett. Eg opplever at andre med meg rista oppgitt på hovudet, og «surfa» på debatt andre meir serøse stader på nettet….
Også på Origo har det i haust strømma inn meir brukarar, og tonen og sjargongen vart «forverra», med mykje antydning til både rasisme, utskjelling og anna tomprat (det finnes anonymitets-mogelegheiter der ogso).
Eg ønskjer å slå eit slag for at ikkje «pengesekken» skal legge føring for utvikling av nett-sider, men at talerør som dette vert brukte som demokratisk verkemiddel for folk flest. Feite overskrifter og friske fraspark er langt frå kriterier for demokrat, utskjelling og spydigheiter er ikkje debatt, og eg skjønar heller ikkje heilt behovet for anonymitet.
– Godt år –

]]>
Av: Odd Frantzen http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/#comment-19 Sat, 20 Dec 2008 06:14:00 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/t%c3%b8ffe-nettdebattar.html#comment-19 Eg er redd redaktøren lar komersielle hensyn vege tungt når han ikkje ønskjer å moderere debattane. Det ligg kroner i kvart klikk. Dess heftigare debatten går, dess fleire reklamekroner. Så får det heller våge seg kva ein tjener pengar på. Det viktigaste er AT ein tjener pengar. Ta firda.no. Den er full av reklame og lettvindte overfladiske nyhendesaker. Me treng ikkje firda.no. Eller fjordaglimt.no for den del. Påfunnet er komersielt begrunna. For å lokke folk til aktivitet på nettet, slik at nokon kan tjene reklamekroner. Kvifor brukar ikkje avisa ressursane på å lage grundigare og meir gjennomarbeidde saker i papiravisa? Dette komersielle jaget etter reklamepengar på nettet har for lenge sidan fått fokuset vekk frå kvalitet.

]]>
Av: Atle Hamar http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/#comment-18 Wed, 17 Dec 2008 20:37:08 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/t%c3%b8ffe-nettdebattar.html#comment-18 Eg seier meg samd i dei som meiner at debatten på NRK sin nettstad er betre, meir sakleg, og mindre personangripande. Det eg reagerer mest på i mange nettdebattar er usaklege personangrep og karakeristikkar som går langt over streken. Mobilregistrering kan vere eit verkemiddel som ikkje stoggar debatten, men som stoggar «boset».

]]>
Av: Kai Aage Pedersen http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/#comment-17 Wed, 17 Dec 2008 10:34:48 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/t%c3%b8ffe-nettdebattar.html#comment-17 Atle Hamar og Jan-Erik Kvåle! De representerer eigentleg to retningar i denne diskusjonen. Atle Hamar som erfaren politikar og samfunnsdebatant og Jan-Erik Kvåle som fersk og lovande skribent, og kanskje også representant for ein meir nytenkande generasjon. Dette er eit klassisk skilje. Dei erfarne vil ha status quo med fullt namn og registrering, dei yngre ser ikkje problemet. (viss ikkje NRK tek inn desse innlegga så publiserer vi dette ein annan stad)
I mediakrinsar er det faktisk redaktørane som er mest opne for forsiktig eller ingen moderering, medan journalistlaget har ei restriktiv haldning til debatten i vårt nye medium. Sjølv er eg litt av alt (trur eg:-). Litt marknadsorientert redaktør som må tenkja nytt, ansvarleg redaktør som skal syta for at dette går rett for seg, og samtidig journalist som skreiv dei første artiklane med skrivemaskin. I sum vil eg i alle fall seia at debattane på nrk.no/sfj er av det gode. Streng registrering med krav om fullt namn vil truleg stoppa mykje av denne debatten. Då står vi att med dei som er trygge i det offentlege og det er slett ikkje mange!
Mobiltelefonregistrering er kanskje den beste løysinga. Då veit NRK kven som skriv, men det blir likevel mogeleg å stå fram anonymt.

]]>
Av: Jan-Erik Kvåle http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/#comment-16 Wed, 17 Dec 2008 00:10:31 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/t%c3%b8ffe-nettdebattar.html#comment-16 Eg er ikkje samd i at nettdebattantar for ein kvar pris må underteikne med fullt namn. Men mobilregistrering kan ha noko føre seg. Det vert ikkje debatt av brukaruvennlege innloggingar, som Jens Helgheim er inne på.

Det er eit faktum at NRK Førde sine nettdebattar er aktive og virile, medan det i Firda og Sogn Avis omtrent ikkje eksisterer nyheitsdedebatt. Dei andre avisene kjenner eg ikkje, men felles for F og SA er jo deira Origo-tilknyting, dvs. at nyheitskommenteringa er knytt opp til Origo.

Origo er eit glimrande nettsamfunn, men som arena for debattering av nyheitssaker floppar Origo glatt og elegant. I Firda er kommentarane stort sett frå gjengangarar (der vi veit om lag kva som kjem).

I Sogn Avis skjer det endå mindre. Ingen debatt.

Sjå til dømes på denne viktige saka i Pedersen si heimbygd Sogndal: Det har vore kjent ei tid at turboinvestor Ola Mæle har planar om å byggje eit milliardkjøpesenter i Nedrehagen. Her var det knytt stor spaning til om kommunestyret ville godta Mæle sitt krav om gratisparkering – i strid med gjeldande parkeringsordningar i Sogndal.

Les du Sogn Avis og Firda sine saker om dette avgjerande møtet i Sogndal kommunestyre, vil du sjå èin kommentar – frå same person.

NRK sin nettstad har det derimot vore meir liv. Sjølvsagt ein del neandertalkommentarar, men desse vil alle oppegåande menneske berre registrere som bos. Mange av kommentarane er innlegg i ein debatt.

Eg er ikkje i tvil om at tungvinte prosedyrer i samband med kommentering av nyheitssaker er årsaka til at det er tilnærma daudt i Origo-avisene Firda og Sogn Avis, medan det her på nrk.no ofte vert meir råkkenråll.

For debatten sin del bør nrk-folka i Førde berre halde fram med å passe på nettdebattane – og ta vekk det verste boset.

]]>
Av: Atle Hamar http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/#comment-15 Tue, 16 Dec 2008 21:03:41 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/t%c3%b8ffe-nettdebattar.html#comment-15 Samd med Ellen Indrebø og Odd Frantzen. Vi bør setje den standarden på nettdebattar at folk skal stå for det dei skriv.

]]>
Av: Kai Aage Pedersen http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/#comment-14 Wed, 03 Dec 2008 06:57:44 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/t%c3%b8ffe-nettdebattar.html#comment-14 Vi må passa oss så ikkje vi gjer dørstokken for høg! Erfaringar viser at svært krevjande innloggingsprosedyrar gir dramatisk færre innlegg utan at «kvaliteten» på det som skrive blir betre. Det finst eit publiseringssystem som heiter Drupal som liknar det du omtalar Jens Helgheim. Kanskje det kan vera ei løysing NRK kan gå for. Kva tykjer de om krav til registrering på denne bloggen?

]]>
Av: Jens Helgheim http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/#comment-13 Tue, 02 Dec 2008 21:27:11 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/t%c3%b8ffe-nettdebattar.html#comment-13 Hei, ver så snill å ikkje gjer nettdebatten til ei håplaus innloggings side.. (Slik som origo er)

Det er mykje mindre aktivitet på firda.no sine debattar enn NRK Sogn og Fjordane sine fordi det er så inni granskauen tungvindt å leggje ut eit inlegg hos origo.

Då vil eg heller foreslå at ein registrerer seg med mobilnummer og får eit eige referansenr som kan brukast for å hoppe over eventuell innlogging. eks 8-10 siffer greier dei fleste å huske.

eks. på felt som må fyllast ut
Tittel
Innhold
Innlogging (ex. 1548400005) (gir direkte adgang utenom innlogging)

Og feltet for å hindre automatiserte innlegg (som eg trur er meiningslaust) bør begrensast til kun å innehalde store bokstavar eller kun siffer.

]]>