Kven kjem etter Mame og Pape ?

Molde Fotballklubb er på nytt i posisjon til seriegull, sjølv om manager Ole Gunnar Solskjær ikkje vil snakke om slikt midt på sommaren- fornuftig nok.

Etter fire scoringar mot AaFK og 12 mål totalt så langt i år er Pape Pate Diouf borte vekk. Er dermed også gullsjansane borte ? Sjølvsagt ikkje. Molde har i år rotert på laget og har spelt gode kampar også utan at Pape har scora mål. Måten MFK spelar fotball på er overordna enkeltspelarar, til og med toppscoraren.

Molde spelar fotball langs bakken. Presise pasningar, hurtige overgangar, uventa og geniale pasningar frå Thioune og Eikrem til løpsvillege spissar som Angan, Chima og Diouf. No er den siste av dei ferdig i blåkvitt, men når ein er borte kan ein annan få hovudrolla. Pape Pate Diouf var lenge i skuggen av Mame Biram Diouf.  No er det kanskje duka for ein ny hovudrolleinnehavar i MFK si angrepsrekke. Davy Claude Angan kan vere den mannen. Sju scoringar så langt i år og klar framgang frå i f jor. No har han sjansen til å ta det siste steget mot hovudrolla.

Om Molde held fram med å spele fotball som dei til tider har gjort i år, og Angan finn rolla si som sjef i angrepsrekka, er det slett ikkje umuleg at MFK kan ta edelt metall i år.

Eit anna moment er at Børre Steenslid kan vere på plass i midtforsvaret mot slutten av sommaren. Dermed har Molde styrka ein annan viktig lagdel . Noko som er vel så viktig som det offensive.

Sjølv om Rosenborg og kanskje Vålerenga ser ut til å vere på gang (medan Tromsø vaklar), er det ingen grunn til at dette ikkje kan verte Molde sin sesong. Og for ein debut det ville vere for Ole Gunnar Solskjær, om det vart gull i Molde sin jubileumssesong.

Med pengar på bok og mange gode spelarar i stallen er sjansen der framleis, sjølv om mange MFK-fans nok var skuffa i går. Allereie søndag kan MFK bevise at dei greier seg utan Pape Pate Diouf.

Ein overbevisande kamp mot Haugesund og vegen ligg open ut over seinsommaren og hausten.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *