Ole Gunnar eller Kjetil ?

Nokre timar før dei to beste laga i Møre og Romsdal barkar saman i sjøkanten i Molde, på landets vakraste stadion, stiller eg meg spørsmålet: Kven likar eg best ? Ole Gunnar eller Kjetil.

Som fersk NRK-journalist intervjua eg Kjetil Rekdal første gong i april 1988. Då var han, som 19-åring, allereie ein etablert toppspelar på Molde Fotballklubb. Det har blitt mange intervju etter dette, både via telefon og ansikt til ansikt.

Mitt inntrykk av Kjetil Rekdal er at han er ein perfeksjonist, ein mann som har eit lidenskapleg og nært forhold til fotballen. Han er profesjonell og stiller opp når han vert spurt. Så langt er det neppe noko som overraskar folk flest. Men Kjetil Rekdal er også ein svært hyggeleg person. Ein mann som som før og etter trening er i godt humør, fleipar med støtteapparat, spelarar og med journalistar. Rett og slett ein hyggeleg kar. Langt ifrå bildet mange har danna seg av han som ein surpomp. Kjetil Rekdal er rett og slett ein vinnarskalle, for å bruke eit moderne uttrykk. Han gjer alt han kan for at laget hans skal vinne. Og jammen har han hatt sukess også- både som spelar og trenar. Med all respekt å melde: Aalesunds FK hadde ikkje hatt den posisjonen dei har i dag hadde det ikkje vore for Kjetil Rekdal. Han kan sjølsagt ikkje ta all æra, til det er det for mange andre dyktige spelarar, lagleiarar og tillitsvalde i klubben. Kjetil Rekdal er også eit intervjuobjekt som «gir av seg sjølv». Han leverer gode svar, som gjer det interessant å høyre på. Og det skadar heller ikkje at han er ein stor Leeds-supporter !

Ole Gunnar Solskjær intervjua eg første gong då han kom til Molde frå Clausenenga. Det måtte ha vore vinteren 1994/95. I løpet av halvannan sesong i Molde vart det mange intervju med den beskjedne, men svært sympatiske «ungdomen» frå Kristiansund. Solskjær hadde ein fantastisk status i Molde då han forlet klubben i august 1996. Alle i miljøet ville han alt godt då han tok turen til Manchester United. Historia derifrå kjenner alle. No er han tilbake i Molde og har noko stort på gang i Rosenes by. Det var ikkje mange intervjua eg gjorde med Solskjær i perioden september 1996 til januar 2011, men mannen hadde ikkje endra seg stort. I alle fall ikkje i forholdet til journalistar. Framleis svært imøtekomande og hyggeleg(ikkje like tilgjengeleg som for 15 år sidan, rett nok).  Også han ein som gir gode svar i intervjua. Det er interessant å høyre Solskjær snakke om fotball. Uansett om ein likar det eine eller det andre laget : Ole Gunnar Solskjær får ein uansett respekt og sympati for. Ein kjernekar.

Møre og Romsdal har to gode fotballag i Molde FK og Aalesunds FK. 100-åringen og 97-åringen held seg svært godt og spelar i kveld tilnærma ein toppkamp i norsk Eliteserie. Og på trenarbenkane: To av dei mest profilerte norske fotballpersonlegheitene gjennom tidene. Verken meir eller mindre. Om eg likar Solskjær eller Rekdal best ? Eg seier som Ole Brumm: Ja, takk til begge deler…

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *