Manger er ferdig

– altså med å spela sitt pliktnummer. Må berre vedgå at eg ikkje har sjans til å tippa eller bedømma, før eg får høyrt fleire korps. Men høgdepunkt for meg var utan tvil klokkespel med to hamrar, svarte det er stilig! Og ho såg veldig konsentrert og fokusert ut ho som spelte. Minner meg om ein konsert eg laga reportasje om ein gong, der det var eit pauke, eller triangelslag, som var heilt avgjerande for heile framføringa, til Harmonien her i Bergen. Han måtte telja utruleg mykje og ufatteleg lenge for å gjera eit kort pling eller pang (hugsar ikkje om det var trangel eller pauke) men det gjekk godt, men trur han hadde drøymt ein del om det ja.

Attende til manger og Rococo variations: Mykje flyalarm på slutten, men den satt vel som eit F16 på ein skyfri himmel, eller er eg på bærtur no?

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *